Attende
Styring
Indre demparledd
Riksmål English


Styreledd Kvar gong du skifter sumar-/vinterhjul, eller hev mistanke um at noko er gale, gjer du fylgjande:
Med hjuli upp frå bakken; vrid henne fram og attende og sjå um styrestaget (3) bevegar seg inn og ut i demparleddet. Det skal bevega seg litt (det er ein liten demping i leddet), men ikkje mykje.
Beveger det seg mykje, eller du høyrer klikkelyd, må leddet bytast snøggast råd.

Deler styring
Teikningen er lånt frå delelista til Citroën CX

Varseltrekant
Skifting av indre demparledd  
  1. Jekk upp fronten på bilen og set honom på bukkar.
  2. Tak av hjuli.
  3. Vrid rattet heilt yver mot motsett side, skru av tenningen og tak ut nykkelen slik at rattlåsen blir aktivert.
  4. Fjern trykket på hydraulikken (opna lufteskruen).
  5. Skru av [12].
  6. Reingjer, klypp av stripset og skyv belgen (5) heilt inn.
  7. Bend upp låseblekket (6).
  8. Bruk 17mm fastnykkel med kort skaft og skru av demparleddet der det er festa til tannstongi (A).
  9. Tak ut styrestaget (3) og set det fast i ei skrustikke.
  10. Merk NØYAKTIG muttarens plassering. (Legg ei linjal el.l. innåt muttaren og merk (3) med limband på den andre sida av linjali.)
  11. Skift indre demparledd (pass på at det nye har same lengde).

Montering: Bruk skruelim og pass på å benda låseblekket (helst nytt) skikkeleg på plass.

Få kontrollert framstillingen eller prøv å gjera det sjølv.


Styreledd

• Indre demparledd (4) finst i 2 lengder, det same gjer ytre styreledd (du må dermed hava kort indre + langt ytre, eller omvendt).
• Slark i styringen kann skuldast at indre demparledd (4) er utslite, eller at låseblekket (6) har svikta, slik at indre demparledd er i ferd med å skru seg ut.




Opp

© www.leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional