|
Rattet er eineika, og det er berre 2½ umdreiningar millom fulle rattutslag.
|
|
|
CX'en har ekte servostyring, ikkje servoassistert styring slik som på andre bilar.
Det betyr at det ikkje er noko som helst mekanisk yverføring millom rattet og framhjulene. Mekanisk
yverføring vil du fyrst få um hydraulikken skulde svikta. Då vil bilen til gjengjeld bli veldig
tung og slarkete på rattet, so tung at du kanskje trur at rattet
har låst seg. Det gjeld då å vera klar yver
dette, og bruka kreftene.
Dersom du tykkjer du må klemma vel hardt rundt rattet, avdi det hev vorte glatt eller du hev problem med hendene,
kann du sy på eit tunt rattrekk som hev god friksjon.
Eller du kann nytta køyrehanskar.
|
|
|
Den hydrauliske styringen på CX blir kalla Diravi.
Er standard på alle CX'ar, med undatak av dei aller fyrste som kom i produksjon.
|
|