Attende
Motor
Turbo
Attende


• Bruk olje som er berekna på turbo, og skift olje og oljefilter tilstrekkeleg ofte.
• Oljefilter må skiftast kvar gong du skifter olje.


Ein motor utan turbo må suga i seg lufti han treng til forbrenning, medan på ein motor med turbo vil turboen pressa ei større mengd luft inn i motoren. Dermed feng motoren meir krefter.
Ein stor turbo (T1) vil fyrst byrja å fungera bra etter at motoren hev fenge eit visst turtal (treng tid på å spinna seg upp i fart). Ein mindre turbo derimot (T2), vil byrja å fungera på lågare turtal, ettersom han hev mindre masse. Han vil spinna seg raskare upp i fart.

Når du parkerer er det svært viktig at motoren fær ganga eit halvt minutt på tomgang, slik at turboen fær tid til å roa seg ned. Og hev du køyrt med høgt turtal siste minuttane fyrr du stoppar, bør du venta minst eitt minutt med å sløkkja motoren, slik at oljen fær tid til å kjøla ned turboen.


Maks. lufttrykk Mbar
T1 diesel 720
T2 diesel 470
T1 bensin 800
T2 bensin 440
Maks. o/min. O/min.
T1 110.000
T2 150.000
Maks. temperatur °C
T1 750
T2 1000
Oljetrykk Bar
T1 / T2 0,7—2,1


Funksjon                                


• Turboen består av tvo turbiner på ein felles aksling. Den eine turbina blir driven av eksosen, og den andre pressar luft inn i motoren.
• Akslingen blir tilført olje under trykk, for å smyrja og kjøla ned. Temperaturen kann nemleg bli svært høg.
• Blir trykket for høgt, opnar wastegateventilen. Dermed kann trykket berre nå ei viss høgd.
• På turbo 2 er det ogso ladeluftkjølar, ein slags luftradiator som kjøler ned lufti frå turboen til motoren.






Opp

© www.leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional