|
Er den brukte oljen like blank og fin som då den var ny?
Ikkje bra.
Blir oljen svart?
Det er bra, for då betyr det at oljen hev teke med seg ureinheiter.
|
|
MOTOROLJEN er viktig å passa godt på. Han skal smyrja, taka med seg ureinheiter, og i ein viss grad kjøla.
Byt olje og oljefilter tilstrekkeleg ofte, og bruk olje av god kvalitet.
Dieselmotorar og turbo stiller ekstra høge krav til oljen.
Pass alltid på, kvar gong du startar, å ikkje gjeva gass fyrr bilen hev heist seg upp.
Det er nemleg svært viktig å ikkje belasta motoren
fyrr oljen hev byrja å sirkulera skikkeleg.
|
|
|
Når du skal fylla på olje, sjå på undersida av loket.
Hev det eit kremaktigt gråkvitt belegg, må du sannsynlegvis skifta toppakningen.
Eit anna varsel um defekte toppakning, er når kjølevatnet minkar og oljen stig.
|
|
|
|
10W fortel kor tjuktflytande oljen er ved 18°C. Til høgare tal, til tjukkare olje.
Bur du på ein kald plass, bør du bruka 5W-olje, motoren vil då fenga raskare smyrjing ved kaldstart.
30 fortel kor tjuktflytande oljen er ved 100°C.
Brukar motoren olje når du har på 30-olje, kann du prøva å skifta til 40-olje, som er tjukkare. Det kann
ogso hjelpa å skifta til tjukkare olje um du feng blårøyk frå eksosen når du startar motoren.
|
|
|
Du brukar naturlegvis motorvarmar heile vinteren?
|
|
|
|
Skal du ha lurium i oljen?
Kanskje, kanskje ikkje. Det kann fungera stikk mot sin hensikt, um luriumet og oljen ikkje høver saman.
|
|
|
|
Kontroll
Ikkje stol for mykje på målaren inne i bilen (um han i det heile fungerer).
|
|
Bilen må vera parkert på flatt underlag, og motoren må vera kald.
Drag uppor peilepinnen og turk av honom med eit papir.
Set han i att og vent litt.
Drag honom uppor att, og les av oljenivået. Det skal vera millom dei tvo målestreki.
Er det for lite fyller du på litt, er det for mykje tappar du ut litt.
NB! Det er svært viktig at nivået ikkje er yver den yverste streken.
|
|
|
Kor ofte?
Minimum kvar helg.
Du kann forøvreg aldri kontrollera nivået for ofte.
|
|
|
Oljeskift
Oljefilter til CX diesel.
Botnpluggen løyser du enklast med ei stor wisegriptong.
|
|
- Motoren må vera varm eller lunken.
- Heis bilen upp i yverste stilling og set bukkar under dei fremre jekkfesti (og gjerne ogso under dei bakre um han hev det med å siga fort ned att).
- Drag peilepinnen litt uppor og løys oljepåfyllingsloket.
- Tapp ut oljen (pass på å ikkje brenna deg; bruk t.d. vinterfora arbeidshanskar).
- Tak av det gamle
oljefilteret (du må kanskje bruka oljefiltertong).
- Fyll det nye oljefilteret med ny olje.
- Vent ein times tid slik at motoren får renna godt frå seg.
- Set på ny pakning (koparskive) og skru fast botnpluggen.
- Tømm oljen ut or det nye filteret, stryk olje på pakningen, og skru det på
til pakningen sovidt tek borti. Stramm deretter ¾ umdreining.
- Fyll på ny olje.
- Vent 5 minuttar, og kontroller nivået.
- Start motoren, og kontroller at du ikkje hev lekkasjar (botnpluggen, botnpanna, oljefilteret).
- Tak vekk bukkane og set bilen i normalstilling.
Hugs hanskar (ikkje latex) og vernebriller!
|
|
|
Kor ofte?
Olje minimum tvo gonger i året: seinhaustes og tidleg um våren, uavhengig av køyrelengde.
Hev du veldig mykje småkøyring um vinteren, og du ikkje brukar motorvarmar, bør du ogso
byta ein gong midt på vinteren.
Oljefilter bør bytast ein gong i året på bensinmotorar, og tvo gonger i året
på dieselmotorar.
|
|
| Motorolje |
BENSIN 2L M20/616 |
BENSIN 2.2L M22/617 |
BENSIN 2.4L M23/623 |
BENSIN 2.4L M23/622 |
| Mengd |
4,65 liter |
4,65 liter |
4,65 liter |
4,65 liter |
| Differanse min/maks på peilepinnen |
1,1 liter |
1,1 liter |
1,1 liter |
1,1 liter |
|
|
| Motoroljetype |
DIESEL M25/660 |
BENSIN 2L 829.A5 |
BENSIN 2.2L J6T.A500 |
BENSIN 2.5L M25/659 |
| Ned til 16°C |
TOTAL SUPER DIESEL 15 W 40 |
|
|
|
| Under 12°C |
TOTAL RUBIA - S - 10 W |
|
|
|
|
|
|
|
|
| Oljefilter |
|
|
|
|
| Type |
Purflux LS 483 |
Purflux LS 468 |
Purflux LS 468 |
Purflux LS 468 |
|
|
|
|
|
| Motoroljemengd |
|
|
|
|
| Totalt |
|
|
|
|
| Oljeskift m/ filter |
5,6 liter |
5,25 liter |
5,25 liter |
5,3 liter |
| Oljeskift |
5,0 liter |
5,0 liter |
5,0 liter |
4,6 liter |
| Differanse min/maks på peilepinnen |
0,9 liter |
1,5 liter |
1,5 liter |
1,1 liter |
|
|
| Motoroljetype |
DIESEL TURBO 1 M25/648 |
DIESEL TURBO 2 M25/669 |
BENSIN TURBO 1 M25/662 |
BENSIN TURBO 2 M25/666 |
| Ned til 16°C |
TOTAL SUPER DIESEL 15 W 40 |
15 W 40 |
|
|
| Under 12°C |
TOTAL RUBIA - S - 10 W |
10 W 30 |
|
|
|
|
|
|
|
| Oljefilter |
|
|
|
|
| Type |
Purflux LS 483
Fram PH 4826 |
Purflux LS 483
Fram PH 4826 |
Purflux LS 468 |
Purflux LS 468 |
|
|
|
|
|
| Motoroljemengd |
|
|
|
|
| Totalt |
|
6,0 liter |
|
|
| Oljeskift m/ filter |
5,6 liter |
5,5 liter |
5,25 liter |
5,25 liter |
| Oljeskift |
5,0 liter |
4,8 liter |
4,6 liter |
4,6 liter |
| Differanse min/maks på peilepinnen |
0,9 liter |
1,8 liter |
1,1 liter |
1,1 liter |
|
|
© www.leirdal.info
|