Attende
Motor
Nedre motorfeste
Attende


Berre ein type til alle modellar.

Er festet heilt utslite blir det ein tung dur i heile undersida av bilen.

For å sjå um det er utslite, må du under bilen og kjika gjennum eit hol attmed/framfyr høgre framhjul.

Å skifta dette festet er noko forferdeleg plunder. Høgre drivakslingen må ut (det er den som får deg til å ynskja deg laaangt vekk), motoren sikrast uppe, øvre motorfeste løysast, og motoren jekkast/heisast upp. Då får du stor nok opning til å få festet gjennum. Men her må du ogso stikka inn handi, og NB! det er eit stort faremoment her: sig/dett motoren ned att medan du har handi inni der, går det gale. Difor skal du i tillegg til garasjejekken/talja sikra motoren ved å legga under solide treklossar. Tak ingen sjansar her!


Nedre motorfeste
Teikningen er lånt frå delelista til Citroën CX

STRAMMING
Dei tvo småboltane (11)
3 mdaN (30 Nm)
Den store bolten (9)
10 mdaN (100 Nm)




Opp

© www.leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional