|
Hev du ikkje nok plass til å få ut luftfilteret, kann du løysa yvre feste på luftfilterhaldaren.
Brukar du trykkluft, må du passa på å gjera det utandørs. Bruk ogso pustemaske, det blir mykje støv i lufti.
Hav silikon på pakningane.
Sjå etter um det er rust i luftfilterhaldaren, og pensla i sofall på Owatrol el.l.
|
|
Luftfilteret må bytast med jamne millomrom.
I tillegg må det av og til takast ut og reingjerast.
Det blir vel då vanlegvis brukt trykkluft. Men det korrekte skal
vera å reingjera filteret i bensin, turka det og so setja det inn med
ein blanding av ein del motorolje og fire deler bensin.
|
|
|
Sida som hev vendt mot luftinntaket.
Finn eit område som ser slik ut og plasser det mot luftinntaket ved montering.
|
|