M25/648 dieselturbo 1
Verktøy
- Momentnykkel
- Gradeskive
- Tildragingsverktøy med langt skaft
- Div. fastnyklar etc.
Du treng
- Ny toppakning
- Frostvæske
- Olje
Og kanskje
- Toppdekselpakning
- Vasspumpe
- Drivreimar
- Oljefilter
|
|
|
Å SKIFTA toppakning på dieselmotor skal vidstnok vera "enkelt".
Men det er mykje arbeid, so du bør
berekna deg god tid, og overhala toppen når du fyrst har honom av,
og fenga honom plana (um naudsynt) og evt. trykktesta.
Du kann ogso vurdera å skifta vasspumpa med det same, og montera nye drivreimer.
Kanskje bør du ogso skifta toppdekselpakningen (heilt til slutt).
|
|
|
Ikkje roter motoren når toppen er av.
Det blir diskutert um det er naudsynt å skifta til nye boltar ved montering (Citroën anbefaler nye).
Brukar du dei gamle,
må du passa på at gjengene er heilt reine og utan skader.
Toppen og toppakningen til turbo 2 kann ogso brukast på turbo 1.
|
|
|
Demontering av toppen
Motoren må vera HEILT kald fyrr du tek av toppen.
|
|
- Set bilen på bukkar.
- Kopl frå batteriet.
- Dekk til dynamoen med plast.
- Tapp ut kjølevæska.
- Tak ut grillen, radiatoren og viftene. (Ikkje heilt naudsynt å taka ut grillen og viftene kanskje, men
det blir mykje enklare å koma til når du skal skru på luftmanifolden.)
- Skru av dekselet yver drivreimene, samt strammehjuli, og tak reimene av vasspumpa.
- Kopl frå alle slangane og leidningane.
- Skru av luftmanifolden.
- Skru av eksosmanifolden.
- Skru av toppdekselet.
- Skru av ventillyftarane.
- Tak ut støytstengene.
- Skru av toppen.
|
|
Toppakningen kann sjå heil ut, men det kann vera sprekker i metallet.
|
|
|
Klargjering til montering
|
|
- Reingjer godt på flatene som er i kontakt med toppakningen.
- Kontroller um toppen er plan.
Er han ikkje det, må du fenga honom plana.
Og ser du den minste antydning til sprekker må du fenga honom trykktesta.
- Reingjer manifoildane og der dei er kopla til toppen, samt pakningane.
- Reingjer boltane um du vil bruka deim upp att.
(Klem gjengene hardt millom tvo stålbyrstar og skru inn- og utyver
til gjengene blir heilt blanke.)
- Reingjer gjengene i blokki (tak til dømes ein microfiberklut på eit flatt skruejarn og skru nedyver so langt som det gjeng,
og so upp att).
- Du kann no ogso evt. overhala toppen.
- Skal du byta vasspumpe er dette rette tidspunktet.
|
|
Med avteken topp.
|
|
|
|
- Fest toppakningen til toppen.
- Feng med ein medhjelpar og lyft forsiktig toppen burt på motoren.
Fest hjørna på toppakningen uppe i høgre hjørna på blokki og legg toppen forsiktig på plass.
- Set i boltane og skru deim laust på plass (hava motorolje på gjengene).
- Skru fyrst fast med moment, og deretter med grader (sjå uppsettet nedanfyr).
På slutten blir det svært tungt å skru: tak føtene godt frå kvarandre,
hadl deg bakyver og bruk kroppsvekti (er du lett kann du taka på deg ein 30 kilos ryggsekk;).
- Set i støytstengene (kontroller at dei er heilt beine).
- Set på ventillyftarane. (Dette er ein fiklejobb: du må passa på at stoppskivene ikkje blir
klemde fast og at støytstengene hamnar der dei skal.)
- Monter alt saman att.
- Fyll på ny frostvæske.
- Byt olje og evt. oljefilter.
- Start og lat motoren ganga til viftene sler inn.
- Vent til motoren er HEILT kald og stramm med grader (sjå nedanfyr).
|
|
Set ein bete med farga limband på gradeskiva slik at det er lettare å sjå kvar du skal stoppa.
|
|
© www.leirdal.info
|