Attende
Motor
SIMMERRING
Attende



Problem

Det renn ut diesel frå pumpa og ned på registerreimi. Er vanskeleg å sjå, men det blir kraftig diesellukt på høgre sida av bilen. Det blir ogso mistenkeleg reint på undersida.
Dieselen kann skada det nedre motorfestet.


Simmerring Skaff deg minst TVO nye simmerringar, i tilfelle du øydelegg den fyrste du set i (avdi du kakkar honom for langt innyver).


Skifting av simmerring

  1. Løys hjulboltane på høgre framhjuli.
  2. Jekk upp bilen på høgre sida framme og set honom på bukkar.
  3. Tak av hjuli.
  4. Skru av gummidekselet.
  5. Skru av plastdekselet (hald styr på skruane). No ser du registerreimi og drivreimi til dieselpumpa.
  6. Lag eit tydeleg merke på hjuli som er festa til dieselpumpa og attmed ein plass, slik at du fær reimi på att i nøyaktigt same stillingen (viktig!).
  7. Løys strammehjuli, yt henne saman og stramm til.
  8. Tak av reimi til dieselpumpa.
  9. Tak av hjuli som sit på pumpa. NB! Ver FORSIKTIG når du tek av denne hjuli, elles skadar du pumpa! Hjuli må trekkast rett ut med motpress på akslingen. (Du skal allerhelst bruka den spesielle avtrekkaren.)
  10. Fjern evt. plastdeksel.
  11. Stikk eit tunt skruejarn gjennom den gamle ringen og bend honom varsamt ut.
  12. Smyr eit tunt lag med grease på den nye simmerringen, og kakk honom FORSIKTIG på plass: pass på at han ikkje fer for langt inn!!
  13. Set på plastdekselet (um du hev det).
  14. Monter hjuli på pumpa.
  15. Set på reimi.
  16. Løys strammehjuli slik at ho strammar reimi, og lås henne.
  17. Kontroller at hjuli på pumpa stend i rett stilling.
  18. Skru på plastdekselet.
  19. Skru på gummidekselet.
  20. Set på att framhjuli.


Avtrekkar Teikningen er lånt frå service- manualen til Citroën CX Avtrekkaren.

Avtrekkar 2
Kanskje kann du laga din eigen avtrekkar av ein kraftig metallbøyle med påsveist muttar.




Opp

© www.leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional