|
Plassering
På bakkant av dieselpumpa (mot kupèen).
Funksjon
Maksmengderegulatoren (en. aneroid) skal regulera drivstoffmengdi i samsvar med kor mykje luft turboen pressar inn.
Med turbo og utan denne regulatoren måtte pumpa vera justert slik at motoren fekk for mykje diesel
på lågt turtal (svart eksos) og for lite på høgt turtal (dårleg drag i motoren).
Virkemåte
Når turbotrykket aukar blir membranane (J og M) pressa ut
slik at pumpa slepper gjennum meir diesel.
Kor mykje ekstra som skal sleppa gjennum kann du regulera med justeringsskruen (D).
Justering
Å justera D kann vera vanskeleg, men du kann prøva å skru utyver
til du feng svart eksos ved høgt turtal,
og so skru attende til den svarte eksosen forsvinn.
Um du skrur for langt innyver fær di ikkje start.
|
|
I tillegg til det som er vist på biletet, er det ein liten tapp inni O.
Demontering
- Løys dei tvo skruane (13mm) som held dieselfilteret, lyft det upp og legg
det forsiktig burt til reservehjuli.
- Tak av dei tvo slangane på regulatoren.
- Vipp av deksel A med eit flatt skruejarn.
- Set i ein unbraco (4mm) i D og skru av B med fastnykkel (14mm).
Lat B og C glida ned på
umbraconykkelen. (Pass på at D blir ståande i same stilling!)
- Skru ut D-P. (Sit kanskje hardt: pass knokane.)
- Tak av P, og skru ut 3xG. (Bruk fyrst ei tong til å løysa deim med,
deretter umbraco (2,5mm).)
- Tak av F, og pass på at du ikkje mysser E og H.
- Tak ut I-N. Sjå etter um dei tvo membranane (J og M) er heile.
- Um du må skifta membranane brukar du tvo 8mm fastnyklar. Pass på at du set dei nye membranane
på rette vegen. Du vil sjå at dei hev spor som passar inn i K.
- Stikk ei knappenål inn i enden på O og sjekk at den vesle tappen inni der
kann gli fram og attende.
- Kontroller alle O-ringane for sprekker, og hav på eit tunt lag med grease.
Montering
- Skru på plass D-P. Pass på at
den nippelen (P) som luftslangen skal inn på peikar rett upp.
- Tre B og C inn på umbraconykkelen og set han i D.
Tre på C og skru fast B.
- Set på deksel A.
- Set på slangane.
- Set dieselfilteret på plass.
|
|
|
Problem
Er det sprekk i membran M vil det passera gjennum diesel slik at
han kjem inn i luftslangen. Det vil i sin tur kunna føra til at motoren rusar
upp utan at du gjev gass, spesielt på tomgang. (Til dess du fær ordna lekkasjen bør
du passa på å parkera med fronten i (bratt) uppoverbakke.) I tillegg vil motoren fenga for lite diesel
og ganga dårleg på høgt turtal.
Er det sprekke i membran J vil lufti leka ut.
Er det sprekke i båe, vil det i tillegg bli diesellekkasje,
og motoren vil ganga som eit treskeverk.
Diesellekkasje kann du ogso fenga um O-ringane er turre eller sprukne.
Smyr på eit tunt lag med grease.
|
|