Skifting av oljetrykkmålar
Koparstoppskiva skal vera lengst innpå målaren.
|
|
|
Oljetrykkmålaren finn du nedanfyr oljefilteret, på høgre side (passasjersida).
Å skru ut denne
kann fyrst sjå heilt håplaust vanskeleg ut, men det er enklare enn ein skulle tru.
Tak av slangen til dieselreturen (den som er kopla på dei blåe dingsane) og yt slangane yver mot vinstre.
Tak gjerne ogso av oljefilteret. Tak av leidningen. Løys målaren med ein 22mm fastnykkel (hald nykkelen med vinstre hand
og gjev honom eit kraftigt slag med høgre handbak). Lirk ned høgre hand (med handflata vendt mot filterhaldaren)
og skru ut med tommel og peikefinger. Pass på at du feng med deg båe stoppskivene (hald deim fast med langfingeren).
|
|
|
Her er oljefilteret avteke.
|
|