Attende
Motor
Dyser
Attende


DYSENE sprutar forstøva diesel inn i motoren. Er dei dårlege, må dysespissane skiftast.


Dyse Ei av dysene.


Skifting av dysespissar

Dysespiss Dysespiss.


Å skifra dysespissar er ikkje spesielt vanskeleg. Å skru dysene ut or motoren går greidt, men å få opna deim kann vera tungt, då dei kann vera svært hardt attskrudde. Dei skal strammast 6,5 mdaN (65 Nm).

Reingjer godt, og pass på at koparskivene ligg på plass når du monterer dysene att. Stramm 2,5 mdaN (25 Nm).

Ved fyrste uppstart vil startmotoren måtta gå ei stund (kanskje upptil eit halvt minutt) fyrr motoren startar.


Retur Stramm boltane på dieselreturen VELDIG forsiktig (maks. 1 mdaN (10 Nm)) slik at dei blå plastdingsane ikkje sprekk sund.
(Du kann fenga ein kraftigare type dieselretur frå Hydraulique i Nederland.)




Opp

© www.leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional