Lesestoff

L e s e s t o f f




T R A F I K K



   Myndigheiterne vil ikkje at me skal kjøpa bilar, og dei vil ikkje at me skal bruka bilar. Me bilbrukarar blir rett og slett sett på som kriminelle, og me blir straffa på tallause måtar, den eine meir uppfinnsam enn den andre.

P I G G D E K K

   Kvifor vil myndigheiterne at folk skal slutta å bruka piggdekk; vil dei hava fleire daude og lemlesta i trafikken? Utrykningskøyrety derimot, dei skal bruka piggdekk, kvifor det då, når det liksom skal vera so trygt å køyra piggfritt? Rettnok var det visst ein ambulanse i Bergen som prøvde seg med piggfrie dekk; han vart standande og spinna i ein bakke, og kom seg ikkje fram til pasienten. Og kvar gong dette temaet kjem upp fær ein høyra fylgjande frå ein eller annan fjompenisse: "Er det ekstra glatt er det jo bare å la bilen stå!" Verre dustepreik skall ein jammen leita lenge etter! Du hev til dømes vore på vitjing hjå frendar, og når du skal heim att slik i tolvtidi um natti hev det regna og frose på, slik at det er såpeglatt. Og då skal du liksom lata bilen stå?? Du er fem mil heimanfrå og det går ikkje bussar for svingande! Du tek sjølvsagt bilen og er til livsfare for både deg sjølv og øvrig trafikk der du fer siglande på superglatte, pigglause dekk. Men det er vel slik myndigheiterne vil hava det.
   Piggdekk skrapar upp isen slik at desse pigglause fær betre feste, spesielt framfyr kryss og i rundkøyringar. So um ingen brukte piggdekk vilde desse pigglause bliva endå farlegare! Attpåtil polerer dei pigglause vegbana slik at ho blir endå glattare! Dette er reine fakta: kann ikkje diskuterast!


Færre piggdekk gir flere dødsfall

   "Piggdekket, selv om det er slitt og bare har et fåtall pigger igjen, er klart best på blank is. Et slitt og gammelt piggdekk er minst like godt som et helt nytt piggfritt dekk laget for det nordiske markedet, og klart bedre enn et nytt piggfritt dekk av sentraleuropeisk merke.
  Ifølge Scandinavian Tire & Rim Organization er moderne piggdekk ikke bare best på blank is, men også det beste på både våt og tørr asfalt og gir generelt best stabilitet på vinterføre."

S A L T I N G

   Kvifor driv myndigheiterne på med denne vanvittige saltingi? Fordi dei veit at mange køyrer rundt på farlege (pigglause) dekk? Og kvifor køyrer so mange rundt på farlege dekk? Jo, fordi dei høyrer på myndigheiterne sin propaganda istadenfyr å tenkja sjølve!
   Og hadde dei lete vintervegar vore vintervegar hadde jo helder ikkje piggdekki slite på asfalten! Og me hadde sluppe skader på miljøet og store rustskader på bilparken!
   Eg hugsar godt for mange år sidan ein gong eg køyrde heim frå Førde. Det var fine vintervegar heile vegen frå Førde til Sogndal, og ikkje glatt i det heile. Men so vidare til Kaupanger vart eg køyrande i ei sleip saltsørpe som ikkje likna grisen! Det var såpeglatt, og lykterne og frontruta vart alldeles tilgrisa av svineriet, det førde til at eg måtte bruka upp ein full tank med spylevæske på den eine mili! Og — då eg opna panseret morgonen etterpå for å fylla spylevæske var heile motoren drivkvit av salt!
   Og no hev dei jo sjølvsagt forlengst byrja å salta millom Førde og Sogndal ogso. Me hadde oss ei lite morosam uppleving langsetter Jølstravatnet for ei tid sidan, me kom bakum ein saltbil i halvmyrkni. Vegen der er veldig smal og svingete; vanskeleg å køyra forbi. Saltbilen køyrde seint, og hadde tvo blinkande gule lykter bak som blenda noko voldsomt i saltsørpa som hamna på frontruta! Då me endeleg klarde å koma oss forbi, med solskuggarne nede og vindaugsviskaren på fullt og meir elder minder konstant spyling, byrja alle motgåande bilar å blinka med lykterne. For lykterne våre var jo fullstendig dekka av saltsvineriet, slik at dei blenda sjølv um dei stod på nærljos. Og ikkje kunde me stoppa og turka av deim, for då vilde jo dette saltmonstrumet køyra forbi oss att!

KANN DET VERKELEG VERA NAUDSYNT Å DRIVA PÅ OG BLENDA TRAFIKKEN BAKUM MED DESSE !#%@#! LYKTERNE?!!
OG KANN DET VERKELEG VERA NAUDSYNT Å DRIVA PÅ MED DENNE !#%@#! SALTINGI?!!

   Attpåtil fær ikkje dagens billistar lært seg å meistra vintraføre, og blir dermed livsfarlege når dei av og til hamnar på ein god gamaldags vintraveg!









Lesestoff