
Britarne borda det tyske tankskipet Altmark i Jøssingfjorden 16.
februar og fridde 299 engelske krigsfangar.

7. april varsla Aftenposten Admiralstaben um at tyskarne skulde
landsetja store troppestyrkar i Norìg.
Utanriksdepartementet bad Aftenposten um ikkje å trykka meldingi.

Um morgonen 8. april vart det tyske lasteskipet Rio de Janeiro senka av
ein polsk undervassbåt utanfyr Lillesand.
Dei overlevande soldatarne sagde at dei var på veg mot Bergen fyr å "forsvara Norìg mot engelskmennerne".
Noko som vel på ein måte var korrekt i deira augo, ettersom det vel berre var eit tidsspyrsmål fyrr engelskmennerne vilde okkupera Norìg.
Dei var jo alt byrja angripa tyske sivilfartøy og leggja ut miner i norsk farvatn.
Og dette fekk dei gjera utan motstand frå dei norske styresmakterne. Dermed var i praksis Norìg allereide med i krigen på alliert side.

At tyskarne var på veg fyr å okkupera Norìg
fekk myndigheiterne i fleire dagar
i rein klartekst, og likevel valde dei å ikkje
gjeva ordre um mobilisering. Sannsynlegvis fordi dei trudde engelskmennerne vilde koma tyskarne i fyrkjøpet.
Ved å ikkje mobilisera vilde då engelsmennerne kunna okkupera Norìg på ein lettvindt måte. Men det skulde altso ikkje ganga slik.

Norìg vart for fullt med i krigen 9. april, ved at Tyskland landsette styrkar i Oslo, Kristiansand,
Egersund, Bergen, Trondheim og Narvik.

Angrepet på Oslo vart seinka ettersom den tyske kryssaren
»Blücher« vart senka i Drøbaksundet. Dermed fekk kongen og
regjeringi tid til å røma nordyver. Tyskarne erobra deretter Oslo utan problem med ganske småe styrkar.

I Kristiansand fekk tyskarne derimot hard motstand,
men til slutt slapp dei forbi grunna ei
mistyding.

Narvik vart gjenerobra av dei allierte 28. mai.

7. juni rømde Kong Haakon, Kronprins Olav og regjeringi Nygaardsvold yver til Storbritannia,
alle på same båt. Det var berre sovidt det gjekk bra.

8. juni rykka tyskarne inn i Narvik att.

Dei norske styrkarne kapitulerte 10. juni.

14. juni okkuperte tyskarne Tromsø og Bardufoss.

Det var på dette bel vel tri millionar innbyggjarar i Norìg, pluss
rundt 400.000 soldatar frå Tyskland og Austerrike.