Lesestoff

L e s e s t o f f




B I B E L E N



   Det kom ein gong ein løgen fyr inn på butikken, han såg alvorleg på meg og spurde: »Tror du på Jesus?«
   Her kjem det altso eitt vilt framandt menneskje og spyr um eg trur på ein snikkar som kanskì levde for tvo tusund år sidan (er vel helst uppdikta). Eg vart berre standande og gapa. Kvat skal ein no svara på slikt? (Og forresten heitte visst snikkaren eigentleg Joshua, og var eigentleg fødd rundt år 30, og rundt oktober og slett ikkje på jolafta, men kvat veit vel eg;) Uoppfordra fortsette fysakken med å leggja ut um at han dreiv og misjonerte i Afrika, og det var visst storveges. Ja, ja — honum um det. Desse misjonertyparne kunde dei nok ha greidt seg utan dernede.
   Nei, eg er ikkje kristen, og ikkje buddhist og ikkje muslim, og kvat dei no heiter alle desse dustete religionarne, som me so utmerka godt kunde klart oss utan. Og inkje trur eg på Julenissen: det vilde no vore ein minst like bra religion som dei andre. Og — inkje trur eg på Den Heilage Sporten helder (ja — eg veit at å segja noko slikt er verre enn å banna i kyrkja). Men det er no eingong slik at ein tru på eitkvart, heldest blir desse som trur so utav seg, so då fær me vel segja at eg trur på dei underjordiske. Slik at dei roar seg.
   Eg hev lese mykje i Bibelen, sikkert mykje meir enn dei fleste kristne, men eg hev nok lese slik som ein viss annan mann (eg siktar no til ein som skal ha vore engel; hev du høyrt slikt!). Bibelen er ei mykje artigare boksamling enn mange veit um, eg vil difor plukka ut litt her. Eg hev lånt utdragi frå Studentmållagsbibelen frå 1921, i digital utgåve på smio.no.


   Det kunde vera trøytande å høyra på det kristne bodskap, ogso fyr eit par tusund år sidan...

A P O S T E L G J E R N I N G A R N E

20. kapitlet

   7  Den fyrste dagen i vika var me saman og braut brødet; då heldt Paulus samtalar med deim, av di han vilde draga burt dagen etter, og han tøygde talen ut like til midnatt.
   8  Det var mange lampor i salen der me var samla.
   9  Men ein ung mann med namnet Eutykus sat i vindauga og var fallen i djup svevn, då Paulus drog samtalen so lenge ut, og i svevnen datt han ut og sturta ned frå tridje høgdi og vart teken upp livlaus.


   Dette skulde nok læra småungarne å ikkje mobba vaksne folk, tenkjer eg...

A N D R E   K O N G E B O K

2. kapitlet

   20  Byfolki og sagde til Elisa: «Denne byen ligg lageleg til, som du herre ser. Men vatnet er vondt, og landet lid av fosterskot.»
   20  Han svara deim: «Gjev meg ei ny skål, og legg salt i henne!» Dei so gjorde.
   21  Gjekk han so ut til uppkoma og kasta saltet nedi med dei ordi: «So segjer Herren: «Eg gjer dette vatnet friskt, so det aldri meir skal valda daude og fosterskot.»»
   22  Og vatnet vart friskt, og er det den dag i dag, soleis som Elisa hadde sagt.
   23  Derifrå drog han upp til Betel. På vegen dit upp, kom nokre smågutar ut or byen og tok til å hæda honom og kalla honom: «Upp med deg, du snaudskalle! Upp med deg, du snaudskalle!»
   24  Han såg seg ikring. Og då han vart var deim, lyste han våbøn yver deim i Herrens namn. Tvo binnor kom då ut or skogen og reiv sund tvo og fyrti av borni.


   Ja, ungarne skall tydelegvis få gjennomgå — trur ikkje prestarne tek dette med i preikerne sina...

S A L M A R N E

137. kapitlet

   9  Sæl er den som tek og krasar dine småborn imot berget!


   Det er tydelegvis ikkje berre i våre dagar det går føre seg stygg køyring...

A N D R E   K O N G E B O K

9. kapitlet

   20  Vaktmannen melde: «Han nådde deim og kjem ikkje attende. Køyrsla svipar på Jehu Nimsison; for han køyrer som ein galning.»


   Dei kristne påstår at det i Nyetestamentet er snakk um tri vise menn. Korleis kann dei påstå det? Det stend nemleg ingen stader i Bibelen at dei var tri. Eller for å nemna dette eplet Eva skulde hava lurt på Adam: det stend helder ingen stader at det var eit eple! Me er forøvreg både Eva og ormen stor takk skuldig, for utan deim hadde me gjenge rundt som dumme naut den dag i dag! Og Eva hev ogso vist oss at me skall vera skeptiske til sokalla "autoritetar": dei er ofte låke folk, og vil oss sjeldan vel.

F Y R S T E   M O S E B O K

3. kapitlet

   6  Og kona såg at treet var godt å eta av, og tykte det var ein hugnad for augo, og eit gildt tre, med di det kunde gjera ein klok. So tok ho av frukti og åt, og gav mannen sin og med seg, og han åt.


   I femte Mosebok stend det mange "gode" råd, til dømes at jødarne trygt kann selja kjøt av sjølvdauda dyr til utlendingar. Og den grove barnemishandlingi alle jødar driv med: det stend sikkert i Bibelen at dei hev lov til det ogso.

F E M T E   M O S E B O K

14. kapitlet

   21  De må ikkje eta noko som er sjølvdaudt! Du kann gjeva det til dei framande som bur millom dykk, so dei kann eta det, eller og kann du selja det til utlendingar; for du er eit heilagt folk, vigt til Herren, din Gud. Du skal ikkje sjoda eit kid i mjølki åt mor si.


   I fyrste Kongebok kann me finna ei svært grundig utgreiding um korleides eit par noko spesielle hus vart bygde:

F Y R S T E   K O N G E B O K

7. kapitlet

   1  Men på sitt eige hus bygde Salomo i trettan år fyrr han var ferdig med heile huset sitt.
   2  Han bygde Libanonskoghuset, hundrad alner langt og femti alner breidt og tretti alner høgt, på fire rader av cederstolpar og med cederbjelkar uppå stolparne.
   3  Og det var tekt med cedertre uppyver loftsromi på stolparne, fem og fyrti i talet, femtan i kvar rad.
   4  Der var bjelkelag i tri rader, og sjågluggar sat midt imot kvarandre i tri umgangar.
   5  Og alle dørerne og dørstolparne var firkanta av bjelkar; og sjågluggarne sat midt imot kvarandre i tri umgangar.
   6  So sette han upp sulehalli, som var femti alner lang og tretti alner breid; og det var ei sval framfyre henne med stolpar og troppar framum.
   7  Og han sette upp høgsæte-halli, der han sat og dømde, domshalli, og den var tilja med cederbord frå eine enden av golvet til den andre.
   8  Og huset hans, som han budde i, i det andre tunet, innanfor forhalli, var bygt på same vis. Salomo bygde og eit hus, i likskap med denne forhalli, for Farao-dotteri, som han hadde teke til kona.
   9  Alt dette var av kostesame steinar, tilhogne etter mål, skorne med sag på innsida og utsida, alt, like frå grunnen og til taklisterne: og sameleis alt utanfor like til den store fyregardsmuren.
   10  Grunnmuren var lagd med kostesame og store steinar, steinar på ti alner og steinar på åtte alner.
   11  Og ovanpå der var låg prydelege steinar, hogne til etter mål, og cederbjelkar.
   12  Den store fyregardsmuren rundt um var uppsett med tri umfar med tilhogne steinar og eitt umfar med cederbjelkar, på same vis som den indre fyregardsmuren til Herrens hus og forhalli i huset.
   13  Og kong Salomo sende bod og henta Hiram frå Tyrus.
   14  Han var son åt ei enkja av Naftali-ætti, og far hans var ein mann frå Tyrus, ein koparsmed. Han hadde i fullt mål visdom og vit og kunnskap til å gjera alt slag arbeid i kopar. Han kom då til kong Salomo og gjorde alt arbeidet hans.
   15  Han laga dei tvo koparsulorne; attan alner var høgdi på den eine sula og ein snor på tolv alner rakk rundt um den andre sula.
   16  So laga han tvo sulehovud, støypte av kopar, til å setja på toppen av sulorne; fem alner var høgdi på det eine sulehovudet og fem alner høgdi på det andre.
   17  På sulehovudi, som stod på toppen av sulorne, var der krot, på lag som garnmoskar, kjedor til hengjeprydnad, sju på kvart sulehovud.
   18  Og han fekk til granateple, tvo rader rundt umkring attmed garnkrotet til å løyna sulehovudi, og soleis gjorde han og med det andre sulehovudet.
   19  Sulehovudi på stolparne inni forhalli var på skap som liljor, fire alner.
   20  På båe sulorne var det sulehovud, ovanum og, tett innmed den tjukkare parten på den andre sida av garnkrotet. Og granatepli var tvo hundrad, i rader rundt um på det andre sulehovudet.
   21  Og han reiste upp sulorne ved forhalli til templet; den sula som han reiste på høgre sida, kalla han Jakin, og den vinstre sula han reiste upp, kalla han Boaz.
   22  I øvste enden var sulorne som liljor på skap. So vart då arbeidet med stolparne fullført.
   23  Han laga og eit støypt hav. Det var ti alner frå den eine kanten til den andre kanten, heilt rundt og fem alner høgt, og ei snor på tretti alner gjekk rundt um det.
   24  Under trømen på det rundt ikring var der kolokvintar, ti på kvar aln rundt um havet. Kolokvintarne gjekk i tvo rader, støypte i hop i ei støyping med havet.
   25  Det stod på tolv uksar; tri snudde mot nord, tri snudde mot vest, tri snudde mot sud, tri snudde mot aust. Havet låg uppå desse, og alle snudde bakkroppen inn.
   26  Tjukkleiken på det var ei handbreidd, og kanten på det var laga som på eit staup, liksom ein liljeblom. Det tok tvo tusund anker.
   27  So arbeide han dei ti fotstykki, av kopar. Fire alner var lengdi på kvart fotstykki, fire alner var breiddi, og tri alner var høgdi på det.
   28  Og fotstykki var laga soleis: Dei hadde fyllingar, fyllingar millom hyrnelisterne;
   29  og på fyllingarne - millom hyrnelisterne - var der løvor, uksar og kerubar, og det same på hyrnelisterne uppyver; nedunder løvorne og uksarne var der lauvverk som hekk nedetter.
   30  Kvart fotstykke hadde fire hjul av kopar og åsar av kopar, og dei fire føterne på det hadde berestykke; berestykki var støypte på under balja; kvart hadde lauvverk på den andre sida.
   31  Opningi på henne var inni krunestykket, som lyfte seg upp ei aln; i det var opningi rund og laga til underlag, halvonnor aln. På kanten der og var det bilæt-utskjeringar, men sidefyllingarne var firkanta, ikkje runde.
   32  Dei fire hjuli sat nedunder fyllingarne, og hjultapparne stod fast i fotstykket; kvart hjul var halvonnor aln høgt.
   33  Hjuli var gjorde som vognhjul elles; og tapparne, falli, tralerne og navi, alt saman var støypt.
   34  Det var fire berestykke på dei fire hyrno på kvart fotstykke; berestykki gjekk i eitt med fotstykke.
   35  Og uppå fotstykket var der eit anna stykke, som var ei halv aln høg og heilt rundt, og øvst på fotstykket sat handtaket og fyllingarne i eitt med det.
   36  Og på flatsida av handtaki og på fyllingarne skar han ut kerubar, løvor og palmor etter som der var rom til på deim, og lauvverk rundt umkring.
   37  Soleis laga han dei ti fotstykki; same støyping, same mål og same skap hadde dei alle.
   38  Han arbeidde so ti koparbaljor; kvar balja rømde fyrti ankar og var fire alner vid. Det var ei balja på kvart av dei ti fotstykki.
   39  Og han sette fem av fotstykki ved sida av huset til høgre, og fem ved sida huset til vinstre. Havet sette han på høgre sida åt huset, imot sudaust.
   40  Hiram arbeidde og oskefati, og like eins skuflerne og skålarne, og soleis gjorde då Hiram ifrå seg alt det arbeid han ytte kong Salomo til Herrens hus; det var:
   41  Tvo sulor og dei tvo kulorne på sulehovudi på toppen av sulorne, og dei tvo garnkroti til tekkje yver dei tvo kulerunde sulehovudi, som var på toppen av sulorne,
   42  og dei fire hundrad granatepli til båe garnkroti, tvo rader granateple til kvart garnkrot til tekkje yver dei kulerunde sulehovudi på sulorne,
   43  og dei ti fotstykki med dei ti baljorne uppå fotstykki,
   44  og so havet - berre eitt - med dei tolv uksarne under havet,
   45  dessutan oskefati, skuflerne og skålarne. Alle desse ting som Hiram arbeidde åt kong Salomo til Herrens hus, var av blank kopar.
   46  I Jordan-kverven var det kongen fekk deim støypte, i den faste jordi millom Sukkot og Sartan.
   47  Salomo let alle desse tingi vera uvegne, for di det var slik ei ovmengd. Det vart ikkje utrøynt kor mykje koparen vog.
   48  Salomo laga og til alle dei andre ting som skulde vera i Herrens hus: gullaltaret og gullbordet, som skodebrødi skulde liggja på,
   49  ljosestakarne, fem på høgre og fem på vinstre sida framfyre koren, av skiraste gull, og blomarne og lamporne og ljosesakserne av gull,
   50  og fati, knivarne, skålarne, kannorne og glodpannorne av skiraste gullet, dessutan gullhengslorne til dørerne inst i huset, til det høgheilage romet, og til husdørerne inn til tempelsalen.

   Lat oss so slutta av med noko som sikkert mange veit um: romfartyget. Det finn me hjå Ezekiel. Og dette er definitivt ein UFO, i ordets rette forstand (Uidentifisert Flygande Objekt).

E Z E K I E L   B U Z I S O N

1. kapitlet

   1  Det hende i det trettiande året, den femte dagen i den fjorde månaden, då eg var millom dei bortførde attmed Kebarelvi, at himmelen opna seg og eg såg syner frå Gud.
   2  Den femte dagen i månaden - det var endå det femte året etter kong Jojakin vart burtførd -
   3  då kom Herrens ord til Ezekiel Buzison, presten, i Kaldæarlandet attmed Kebarelvi. Herrens hand kom der yver honom.
   4  Og eg såg, og sjå, ei stormflaga kom nordanfrå, ei stor sky og eld som kvervla seg i hop, med eit skin rundt ikring, og ut or honom, midt utor elden, tedde det seg eitkvart nett som sylvblanda gull.
   5  Og midt der-utor kom det noko som liktest på fire livende. Og soleis var dei på skap: Dei hadde manneskapnad.
   6  Og fire andlit var det på kvart eitt av deim og fire vengjer på kvart eitt av deim.
   7  Og føterne deira, dei var beine, og fotbladi deira var som kalveklauver, og dei glima som skinande kopar.
   8  Og dei hadde mannehender under vengjerne på alle fire sidorne. Og med andliti deira og vengjerne deira var det soleis på alle fire:
   9  Vengjerne deira nådde i hop, den eine med hin. Dei snudde seg ikkje når dei gjekk; kvart eitt gjekk beint fram.
   10  Og deira andlit var som eit mannsandlit på skap, og alle fire hadde løve-andlit på høgresida, og alle fire hadde ukse-andlit på vinstresida, og alle fire hadde ørne-andlit.
   11  Det var no andliti deira. Og vengjerne deira breidde seg ut ovantil. Med tvo av vengjerne sine nådde eitt livende i hop med hitt, og med tvo løynde det likamen sin.
   12  Og kvart eitt av deim gjekk beint fram. Kvar åndi vilde ganga, dit gjekk dei; dei snudde seg ikkje når dei gjekk.
   13  Og livendi såg ut som gløder i eld, brennende, som kyndlar å sjå til; elden for att og fram millom livendi, og det skein av honom, og ut or elden gjekk det ljon.
   14  Og livendi for att og fram, nett som eldingar å sjå til.
   15  Og eg såg livendi, og sjå, det var eit hjul på jordi innmed kvart eitt livende, og dei viste ut mot fire sidor.
   16  Og hjuli såg ut nett som dei skulde vera gjorde av eitkvart som liktest på krysolit, og alle fire var eins på skapnad, og det såg ut som dei var gjorde so at eitt hjul var inni hitt.
   17  Til alle fire sidorne kunde dei ganga; dei snudde seg ikkje når dei gjekk.
   18  Og hjulfalli var høge og skræmelege, og so var dei fullsette med augo rundt ikring på alle fire.
   19  Og når livendi gjekk, so gjekk hjuli attmed deim, og når livendi lyfte seg frå jordi, so lyfte hjuli seg med.
   20  Kvar åndi vilde ganga, gjekk dei, nett dit som åndi vilde ganga. Og hjuli lyfte seg med deim, for åndi åt livendi var i hjuli.
   21  Når livendi gjekk, so gjekk dei, og når dei stod, so stod dei, og når dei lyfte seg frå jordi, so lyfte hjuli seg med, for åndi åt livendi var i hjuli.
   22  Og uppyver hovudi på livendi var det noko på skap som ein kvelv, som underfull krystall å sjå til, utspana uppyver hovudi deira.
   23  Og uppunder kvelven rette vengjerne deira seg beint ut, kvar mot annan. Kvart einskilt av deim hadde tvo vengjer som dei løynde likamen sin med.
   24  Og eg høyrde ljomen av vengjerne deira, som ljomen av store vatn, som røysti åt den Allmegtige, når dei gjekk, ein ljomande gny som gnyen frå eit herlæger. Når dei stod stilt, let dei vengjerne siga.
   25  Og det ljoma ei røyst uppyver kvelven som var yver hovudi deira. Når dei då stod stilt, let dei vengjerne siga.
   26  Og uppyver kvelven som var yver hovudi deira, var det noko som såg ut som safirstein, på skap som ein kongsstol. Og uppå kongsstol-skapnaden sat det ein som liktest på eit menneskje.
   27  Og eg såg noko liksom sylvblanda gull, sjåande til liksom eld med ein ljosgard ikring, frå det som var sjåande til å vera lenderne hans og so uppetter. Og frå det som var sjåande til å vera lenderne hans og nedetter såg eg noko liksom eld å sjå til, med eit skin rundt ikring.
   28  Liksom syni av bogen i skyi på ein regndag, soleis var syni av skinet rundt ikring. Soleis var openberringi av Herrens herlegdom å sjå til. Og då eg fekk sjå det, fall eg ned på mitt andlit, og eg høyrde røysti av ein som tala.

10. kapitlet

   1  Og eg såg, og sjå, på den kvelven som var yver hovudi på kerubarne, var det som ein safirstein, sjåande til på skapnad som ein kongsstol. Ein kunde sjå honom yver deim.
   2  Og han sagde med mannen i linklædnaden: «Gakk inn millom hjuli, inn under keruben, og tak nevarne dine fulle med gløder av deim som er millom kerubarne, og strå deim yver byen!» Og han gjekk medan eg såg på.
   3  Og kerubarne stod på høgre sida åt huset då mannen gjekk inn, og skyi fyllte den indre fyregarden.
   4  Og Herrens herlegdom lyfte seg frå keruben og burt til dørstokken i huset. Og skyi fyllte huset, og glansen av Herrens herlegdom fyllte fyregarden.
   5  Og ljomen av kerubvengjerne høyrdest alt til den ytre fyregarden, som røysti åt Gud den allmegtige, når han talar.
   6  Og det hende, då han baud mannen i linklædnaden og sagde: «Tak eld av den som er millom hjuli, millom kerubarne,» at han gjekk og stana attmed hjulet.
   7  Og keruben rette ut handi si, millom kerubarne, burtåt elden som var millom kerubarne, og tok og lagde i nevarne på honom i linklædnaden. Og han tok imot og gjekk ut.
   8  Og under vengjerne på kerubarne kunde ein sjå eitkvart på skap som ei mannshand.
   9  Og eg såg, og sjå, det var fire hjul på kerubarne, eitt hjul hjå kvar kerub. Og hjuli var sjåande til som krysolit-stein.
   10  Alle fire såg likeins ut, og det var nett som eitt hjul skulde vera inni hitt.
   11  Når dei gjekk, gjekk dei til alle fire sidorne; dei snudde seg ikkje når dei gjekk, for til den staden som hovudet snudde, dit gjekk dei; dei snudde seg ikkje når dei gjekk.
   12  Og heile deira likam og deira rygg og deira hender og deira vengjer og hjuli var fullsette med augo rundt ikring - dei fire hadde kvar sitt hjul.
   13  Hjuli, dei vart kalla «kvervel» so eg høyrde på.
   14  Og det var fire andlit på kvar; det fyrste hadde kerub-andlit, og det andre eit mannsandlit, og det tridje eit løve-andlit, og det fjorde eit ørne-andlit.
   15  Og kerubarne lyfte seg; det var dei livendi som eg hadde set attmed elvi Kebar.
   16  Og når kerubarne gjekk, so gjekk hjuli innmed deim, og når kerubarne lyfte vengjerne sine til å hevja seg upp frå jordi, skilde heller ikkje hjuli seg frå deim.
   17  Når livendi stod, so stod dei, og når dei lyfte seg, so lyfte dei seg med deim, for åndi åt livendi var i deim.
   18  Og Herrens herlegdom gjekk ut frå dørstokken på huset og stod yver kerubarne.
   19  Og kerubarne lyfte vengjerne sine og steig upp frå jordi medan eg såg på, då dei gjekk ut, og hjuli innmed deim. Og dei stana attmed inngangen åt øystreporten på Herrens hus. Og herlegdomen åt Israels Gud var uppe yver deim.
   20  Det var dei same livendi som eg hadde set under Israels Gud burtmed elvi Kebar, og eg skyna at det var kerubar.
   21  Og det var fire andlit på kvart eitt av dei fire, og fire vengjer på kvart eit, og eitkvart på skap som mannehender under vengjerne deira.
   22  Og skapnaden på andliti deira det var dei andliti som eg hadde set attmed elvi Kebar; soleis såg dei ut, og dei var det. Og kvart eitt av deim gjekk beint fram.










Lesestoff