
Velkomen til Leirdalsboki Ei utklippsbok um stort og smått som hev hendt i Leirdalen fram til i dag,
og ogso litt frå bygderne rundt. Hev du meir stoff, eller du kann
korrigera/supplera noko som stend her, send gjerne ein . Med helsing frå Helge Leirdal
Leirdalen (skrivst Leirdal) finn du ei mil
framum Gaupne (som ligg ved Sognefjorden i Luster kommune, Sogn og Fjordane). Dalen er
ein sidedal til dalen som gjeng framyver mot Jostedalen. Den
vel 3 km lange vegen upp frå hovudvegen er rimeleg bratt.
Han startar på Leirmoøygarden og gjeng i sikk-sakk uppetter
for so å fylgja fjellsida.
|