|
Dersom det blir blautt i området nedanfyrr A-stolpen, kann du gå ut frå at det har rusta hol
under frontrutepakningen. Dette er eit kjedeleg problem, ettersom den einaste måten å koma til for å reparara
er å taka ut frontruta.
For å finna ut um det er her lekkasjen er, kann du gjera fylgjande:
Tak upp golvteppi og turk bilen innvendig. Set limband på båe sider (inn på ruta og burt på lakken)
av pakningen til frontruta heile vegen rundt (t.d. isolasjonslimband).
Pass på at limbandi tettar fullstendig.
Dynk deretter bilen med vatn (t.d. ein hagespredar i nokre timar).
Er bilen fortsatt turr inni etter dette, er sannsynlegvis holet under pakningen.
Du kann deretter taka av limbandi og dynka bilen på nytt: blir det no blautt inni skulde det vel vera liten tvil om kvar problemet ligg.
(Du treng vel nye frontrute uansett;)
|