Attende
Interiør
Nakkestytter
Attende


Problem

For låge nakkestytter framme.


Nakkestøtte Nakkestøtte Ny nakkestytte.


Ved å taka ei nakkestytte frå baksetet på ein Break og montera henne framme, vil du få ei kraftigare og høgare nakkestytte. Og ho vil koma nærare hovudet. (Kanskje for nær for enkelte.) Sidan festi i ryggen er ulike, må du kombinera skjeletti frå båe nakkestyttene.

  1. Tak av trekki på båe nakkestyttene. (Kanskje dei no skal vaskast?)
  2. Skjer upp undanfrå og tak ut metalldelene.
  3. Tak av dei tvo plastlistene på Break-delen, og dei tvo kvite plastdingsane på framsetedelen.
  4. Sag vekk 13,9cm av festet på Break-delen.
  5. Sag vekk 5,6cm av bøylen uppe på framsetefestet (piler).
  6. Stikk Break-delen ned i framsetedelen (prikka linje).
  7. Sveis fast ein bolt el.l. ved 2xA.
  8. Sveis fast bolten ved B.
  9. Set på plastlistene og dei kvite plastdingsane (må kjølna fyrst).
  10. Press festet inn i skumplasten og lim att.
  11. Hav på trekket.


Nakkestøtte Nakkestøtte Baksete Break og framsete.

Nakkestøtte Nakkestøtte Samansetjing (baksida).

Nakkestøtte Nakkestøtte Ferdig sveist.




Opp

© www.leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional