|
Heilt fremst i luftinntaket (fyre kupevifta) er det ein klaffe som opnar og stengjer for luft
inn i kupeen. Han blir driven av ein liten motor A.
Dersom denne ikkje fungerar, skuldast det
vanlegvis dårleg kontakt eller defekt motor.
Dersom du fær lite luft inn i bilen, kann det skuldast at klaffen står delvis stengt.
For å koma til må du taka ut ekspansjonstanken. Reingjer kontakten B.
Fungerer ikkje det, må du
skifta motoren. Han er festa med tri småe skruar C.
Når du skal lirka honom ut må du bruka litt makt.
Leidningen er festa under i ein liten bøyle,
men det er berre å nappa honom laus. Ved montering må du laga til ein skjerm på kontakten,
slik at det ikkje kann renna kjølevæske inn i han. Samt fylla han med syrefritt feitt.
Fær du ikkje tak i ny motor må du låsa klaffen i open stilling:
Løys motoren og vrid tennene på klaffen mot vinstre so langt som dei gjeng (slik at klaffen peikar rett nedyver)
og skru fast motoren att. Drag laus kontakten.
|