Ombyggjing av Breaken til firesetar
Brukar tvo passasjerseter, avdi det er lite slitasje på desse,
og eg feng likt "understell". Dei hev same mynster og farge som dei andre seti i bilen (er rettnok
serietvoseter, men det fær våga seg, eg skal ikkje sitja i deim likevel;).
Blir betre enn Prestige...;)
Her er råma ferdig (sett bakfrå). Hev brukt gummi"føtene" frå baksetet på ein break.
Prøvemontering av råma. Skrudd fast i framkant med fire stk åtte mm boltar i eksisterande fester.
Hev ogso tenkt å laga tvo fester i bakkant i dei ledige beltefesti.
Her er råma montert på plass.
Prøvemontering i bilen. Ser ut til å fungera greidt, svært god plass til føtene, og du sit høgt slik
at det er god utsikt framyver. Ryggane gjeng det an å leggja nesten heilt bakyver. Sikringsbelti kjem på heilt rett plass.
Fyrr var det ein kamp um å få sitja framme.
No blir det vel omvendt. ;)
Her er bakseti endeleg på plass.
Råma er festa i bakkant med tvopunkts sikringsbelte.
Midtarmlene manglar enno, men det kjem. (Blir litt konflikt med rygg-reguleringen på vinstre sete, men fær sjå.)
Må laga fleire og kraftigare fester for sikring av gjenstandar i bagasjerommet, og montera eit kraftigt nett.
Og kanskje dubbelt golv med uttrekkbar skuffe med plass til varseltrekant og verktøy etc.
|