Attende
Hydraulikk
Skifting av hydraulikkvæske
English


Skifting av hydraulikkvæske


Filter Plastplata, dei tvo filteri og tanken.

Filter Blekkspruten.
Pili viser inntaket til fødeslangen.



Tips

• Tømm den brukte hydraulikkvæska upp i ein stor plastbehaldar (10-liters målingspann el.l.) og hiv uppi metallgjenstandar du ikkje vil skal liggja og rusta. Til dømes reserve hydraulikkpumpe.
Skriv kva du hev haft uppi på loket.

• Ikkje kjøp LHM på bensinstasjonar. (Vansinnige prisar; uppimot kr 170,- for literen! Undersøk heller prisane hjå t.d. Classic Parts: du vil bli behageleg overraska;)


Skift hydraulikkvæske kvar 60.000 km, og når du hev kjøpt deg ny CX.

Set bilen på lågaste nivå og løys lufteskruen. Pump bremsepedalen til trykket blir vekke. Tak ut reservehjuli. Tak av festebøylen på behaldaren. Lyft uppor blekkspruten og drag utor dei tvo leidningane. Lyft ut behaldaren. Tømm ut hydraulikkvæska. NB! Skarp kant på behaldaren!

Fjern dei tvo filteri frå blekkspruten og tak ut plastplata i botnen av behaldaren. Reingjer behaldaren, plastplata og begge filteri med bensin. Reingjer blekkspruten. Blås deretter turt med trykkluft.

Monter begge filteri (det runde vridast på plass med eit knepp) og set på plass att tanken (pass på at gummien han stend på ikkje hev skrikla seg). Fyll på LHM. Fyll upp fødeslangen (pil) til hydraulikkpumpa med LHM. Set på att dei tvo leidningane og set blekkspruten FORSIKTIGT men fort uppi tanken slik at fødeslangen ikkje tømmer seg; pass på at det halvrunde filteret ikkje dett av eller forskyv seg. Set på festebøylen.

Start og lat motoren ganga 5-10 minuttar på tomgang for å fenga burt luftboblar.

Stramm lufteskruen og heis bilen upp og ned nokre gonger. Kontroller
LHM-nivået. Med bilen i høgaste stillingen skal den gule markøren vera millom dei tvo raude streki.

Luft bremsene til det kjem ut rein LHM utan luftboblar.

Etterfyll LHM. Med bilen i høgaste stillingen skal den gule markøren vera på den yvste raude streken.


LHM










LHM+ (eller LHM PLUS) er ein forbedra variant av LHM. LHM+ fungerer spesielt bedre ved svært låge temperaturar.

LHM+ kann utan problem blandast med LHM.



Filter NB! Pass på at denne metallbøylen ikkje dett av!
(Han forsvinn ned i motorrommet og du finn honom aldrig att.)


Problem

Bilen vil ikkje heva seg etter skifting av hydraulikkvæske:

— Er lufteskruen stramma?
(Stramm lufteskruen.)

— Fær hydraulikkpumpa LHM?
(Opna lufteskruen, fyll LHM i fødeslangen og steng lufteskruen att.)

— Er det sprekker i fødeslangen til hydraulikkpumpa?
(Surr på elastisk limband over sprekkene, stramt.)


Flottør Nivå: Den gule markøren må vera millom dei tvo raude streki når bilen stend i yverste stillingen på flatt underlag.




Opp

© www.leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional