| S T R A M M I N G |
| 3,5 mm 4,5 mm |
| 0,8-0,9 mdaN (8-9 Nm) |
| 6,0 mm |
| 0,9-1,1 mdaN (9-11 Nm) |
Du må ALLTID bruka vernebriller når du jobbar med det hydrauliske anlegget.
Når du demonterer hydraulikkrøyrer bør du setja ein plugg i alle opningar, slik
at det ikkje kann koma inn ureiningar.
Hydraulikkrøyrerne må vera montert slik at dei heng fritt og ikkje kann koma i kontakt med andre komponentar.
|
|
Når du løyser hydraulikkrøyrer må du alltid hugsa å taka ut den gamle pakningen og setja på ein ny fyre monteringi.
Enklaste måten å få ut den gamle er å skru inn ein høveleg karosseriskrue og trekka/lirka forsiktig ut.
Brukar du opp att den gamle pakningen må du sjå nøye etter at han er utan skader.
Fyre monteringi:
- Sjå etter at enden på røyri er heilt rein og utan lakkflekker (reingjer med rensebensin).
- Blås gjennom røyri med trykkluft, båe vegar.
Monteringi:
- Hav litt LHM på pakningen.
- Set pakningen inn på enden av røyri slik at litt av tuppen på røyri stikk ut.
- Set røyri forsiktig beint inni. Løys evt. festi på dingsen som røyri skal inni,
slik at det blir lettare å få til.
- Skru fast med fingrarne. Ikkje stramm hardt.
- Start motoren og sjå etter om det lek. I sofall strammar du litt meir.
|
|
|
Pakningar for hydraulikkrøyrer.
Pakningane er i fleire storleikar, etter kor grove røyrene er.
|
|