Skifting
HUGS VERNEBRILLER NÅR DU DEMONTERER!!!
Dersom det er att trykk på kula vil det koma ein voldsom sprut med LHM.
|
|
- Senk bilen til nedste stilling.
- Løys lufteskruen.
- Pump bremsepedalen til trykket blir vekke.
- På røyri som gjeng frå hovudakkumulatoren til bremseakkumulatoren:
Løys dei tvo festi (D+E).
- På bremseakkumulatoren: Tak av slangeklemma.
- Reingjer godt. Blås reint med trykkluft.
- Skru av dei tvo koplingarne uppå bremseakkumulatoren (B+C).
- Skru av koplingen til hovudakkumulatoren (A).
- Lyft ut. Forsiktig med røyri som heng på.
- Set kula i ei skrustikke og løys akkumulatoren med ei kraftig tong.
(Kula sit kanskje forferdeleg hardt, slik at du må bruka eit hardt rykk
for å få henne laus. Pass då på at tongi ikkje glir og skadar røyri.)
- Løys kula frå skrustikka og skru henne ut.
- Blås gjennum røyri med trykkluft.
- Reingjer inni akkumulatoren med eit turkepapir.
- Hav litt LHM på den nye pakningen og fest honom på akkumulatoren, ikkje kula.
- Hav litt mineralgrease på kontaktflaterne, og skru fast den nye kula.
Stramm berre med henderne.
- Legg akkumulatoren på plass att og monter. (Å skru på røyrene kann vera vanskeleg:
det er fort gjort å skada/øydelegga gjengerne. Tak deg god tid.)
- Start bilen og lat honom ganga i 5-10 minuttar.
- Stramm lufteskruen.
- Kontroller at det ikkje er lekkasjar.
- Luft frambremserne.
|
|
|
Det er nesten håplaust å skifta kula til bremseakkumulatoren i bilen, då akkumulatoren er dårleg festa.
Det er difor best å taka ut heile greia og bruka ei skrustikke.
|
|