Attende
Bakaksling
BAKHJULSLAGER BREAK
English

Problem

Utslite hjullager bak.                                          

Hjullager Hjullager


Skifting av nav

  1. Tak av hjuli.
  2. Skru ut dei tvo skruane i bremseskiva.
  3. Tak av bremsecaliperen (forsiktig med bremserøyri).
  4. Tak av bremseskiva.
  5. Hav på rustløysar, og skru ut dei 8 skruane til navet. Pass på at du hev fenge umbracoen 100% inni (bank honom på plass med ein tung hammar), og vrid roleg til skruane losnar (gjernemed eit smell og gneistesprut!).
  6. Legg noko mjukt under som navet kann landa på, og kakk det forsiktig ut med ein hammar.
                                                                                                           

• Hav gjerne ei ny bremserøyr i bakhand.

• Skruane til navet sit kanskje svært godt fast. Du kann evt. varma deim upp, og bruka ei solid tong til å få deim laus med når dei hev kjølna att.

Dynamo Set i tvo hjulboltar og bruk ei tind el.l. stukke ned i jordi for å halda bremseskiva fast når du skal skru ut skruane.


Hjullager Hjullager


Smørjing/skifting av hjullager i navet

Skru fast navet på utsida av hjuli. Hjuli vil dermed fungera som eit "arbeidsbord".


• Navet er meget vanskeleg å opna, det er enklare å byta til eit anna som er OK.
• Det er ulike nav for berline og break, og derunder tvo typar; det eine for ABS (med tannhjul). På bilar utan ABS kann båe brukast.



Bak Break
Teikningen er lånt frå delelista til Citroën CX

Bakhjulsopphenget på Break. Dei raude delene, som bremseskiva og hjuli er festa til, er dei roterande delene. Den grøne delen er lageret.





Opp

© www.leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional