Problem
Utslite hjullager bak.
Set i tvo hjulboltar og bruk ei tind el.l. stukke ned i jordi for å halda bremseskiva fast når du skal skru ut skruane.
|
|
|
Skifting av nav
- Tak av hjuli.
- Skru ut dei tvo skruane i bremseskiva.
- Tak av bremsecaliperen (forsiktig med bremserøyri).
- Tak av bremseskiva.
- Hav på rustløysar, og skru ut dei fem skruane til navet. Pass på at du hev fenge
umbracoen 100% inni (bank honom på plass med ein tung hammar), og vrid roleg til skruane losnar (gjerne med eit smell og gneistesprut!).
- Legg noko mjukt under som navet kann landa på, og kakk det forsiktig ut med ein hammar.
|
|
Hav gjerne ei ny bremserøyr i bakhand.
Skruane til navet sit kanskje svært godt fast. Du kann evt. varma deim upp, og
bruka ei solid tong til å fenga deim laus med når dei hev kjølna att.
|
|