Helsetips

FRAMSIDAMATDRIKKEMOSJONDIVERSE

VATNKAFFIBRUS




Vatn

I utgangspunktet er vatn det einaste du treng å drikka. REINT vatn. Gløym alt tullet om at vatn skal innehalda mineralar og ditt og datt: det får du i deg gjennum maten.

Og at du skal drikka tvo–tri liter dagleg er ogso berre tull: då må du jo på toalettet rett som det er. Drikk eit stort glas (4dl) romtemperert vatn ein halv times tid fyrr kvart måltid, pluss det du måtte føla behov for under måltidet. Og naturlegvis elles når du er tyrst. Å gå og smådrikka frå ei flaske heile dagen er ganske unødvendig.

Kor mykje du treng å drikka, er avhengig av kor stor du er. Mengdene som blir opplyst her er berekna på normalvektige. Det kjem naturlegvis ogso an på kor fysisk aktiv du er, og kor varmt/kaldt det er.

Du har drukke nok om urinen er lys. Men er han derimot mørk...

Nyrestein
Drikk du for lite kann du fengja nyrestein. Og tek du mykje C-vitamin er det spesielt viktigt å drikka nok, elles kann du enda upp med ein haug med nyresteinar...


Litteratur

Hans Kronberger og Siegbert Lattacher
PÅ SPORET AV VANNETS HEMMELIGHET
URANUS


Lenker

Grander

Me hev haft Grander revitaliserar montert på vassinntaket i snart 10 år.
Det fyrste me merka etter at han var installert, var at badekaret ikkje lenger måtte vaskast. Det var nok å spyla vekk såperestane med dusjen etter eit bad. Fyrr vart badekaret dekka av eit ekkelt brunt belegg som var nesten uråd å få vekk. Bilvask vart ogso mykje lettare.







© www.leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional