Helsetips

FRAMSIDAMATDRIKKEMOSJONDIVERSE




Forkjøling/influensa

Um du gjeng og hostar: ikkje tak hostesaft, sug i staden på små bitar med mørk sjokolade.



Yvervekt

Folk som er ein smule for store, fær mange dårlege råd. Difor endar dei berre upp med å bli endå større. Det største problemet er at mange trur du blir feit av å eta feitt. DETTE ER FEIL! Du blir feit av å eta SØTT!

Et deg slank, på RETT type mat! Og IKKJE et lettprodukt!

Slankemat
Fisk, kjøt, dyrefeitt, egg, meierismør, kremfløyte, kvitost, majones, remulade, nøter. Men hugs: Kun ekte varer; ikkje lettprodukt!

Mat som kann gjera deg feit
Frukt, bær, poteter, pasta, brød, kaker, prim, brunost, sukker, saft, juice, brus, øl.

Svolt
Driv du og svelt deg for å ganga ned i vekt? Heilt feil! Gjeng du rundt svolten trur nemleg kroppen din at det er hungersnaud, og sparar på kroppsfeittet det beste han kann.

Frukosttips
Speilegg og bacon steikt forsiktig i meierismør, tunne brødskiver (grovt rugbrød) med meierismør, og kaffi med mykje kremfløyte.

Trim
Er du sterkt overvektig, må du berre gløyma å mosjonera vekk feittet. Du kjem berre til å øydeleggja deg.
MEN — du MÅ driva med styrketrening 3 gonger i veka! (Utfør ei sopass tung øving at du greier 4 gonger. Greier du 6 gonger er vektene for lette. Tak 2-3 minuttar pause. Gjennumfør dette 4 gonger.)

Veging
Ikkje veg deg: kast badevekti i boset! I staden skal du bruka eit måleband og måla omkretsen der du er breiast rundt livet.


Litteratur

Sten Sture Skaldeman
SPIS DEG NED I VEKT
LILLE MÅNE







© www.leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional