Riksmål English

Eg skriv Høgnorsk.
MEN — det er kanskì ikkje so lett å lesa fyr alle, so eg driv ogso og yverset til Riksmål og Engelsk. Men det er mange sider, so det vil taka tid fyrr eg er ferdig.

SISTE NYTT
PROBLEM

SIST UPPDATERT
VINTER


Lenker
1919—1934
La période MICHELIN
CX CATALOGUE


H e l g e   u m   l i t t   a v   k v a r t . . .

Måndag 6. februar 2012


"CXKLYPPING"

Snø    I dag tidleg vart det atter ein gong til med utgraving av CX'en frå dette kvite som stendig driv og dett ned frå oven.
   Då eg dreiv og sopte, kom eg til å tenka på — av alle ting — saudaklypping! (Inkje hev eg drive med det sjølv, men eg hev då sett det vorte gjort.)
   For — når ein er ferdig blir det liksom so lite att av sauden (og sameleis av CX'en; klikk på biletet so skynar du kvad eg meinar).



Tysdag 31. januar 2012


BITANDE KALDT

Gradestokk    Det var bra med minusgrader i dag tidleg, det var nesten so augnaloki fraus fast den korte stundi eg var ute fyr å setja på kupévarmaren i CX'en.
   Ja, berre kupévarmaren, for motorvarmaren hev gjeve upp og inkje er det råd å få tak i ny. So dermed vart det jo spanande um eg fekk start.
   Lang gløding, rundt med lykjelen og jammen starta han på fyrste forsøk, men berre med halve motoren, høyrdest det ut til. Men etter ei stund livna resten til ogso, og han byrja dura med grom lyd. Ikkje verst, med 27 år gamall dieselmotor, bittelite 20 år gamalt batteri (Optima), 20 minusgrader og ingen motorvarmar.



Tysdag 10. januar 2012


DÅRLEG SIKT

Dårleg sikt    I dag var det DEN dagen: Det lavsnødde, og på veg til arbeid måtte eg tri gonger ut og skrapa is av framruteviskaren, og til slutt havna han frampå panseret! Og fastnyklarne låg att heime! Då var rådyra gode, som han sa.
   Etter febrilsk leiting gjennom ein rotebag eg alltid hev i bilen, dukka det jammen upp tvo fastnyklar i ein sidelomme! Og den eine var 13mm!
   So tak deg no ein spasertur ut til CX'en din og stram muttaren på viskaren, slik at du ikkje kjem upp i same elendet som meg.



Laurdag 31. desember 2011


VARME TANKAR

Varme    Det var åtte kuldegrader i dag tidleg, og motorvarmaren er defekt.
   Difor la eg ein plastpose med kokande vatn i motorrommet ei stund fyrr eg skulde starta.
   Inkje trudde eg det skulde vera til hjelp, men eg tykte synd i motoren.

   
G o d   N y t t   Å r !




Laurdag 24. desember 2011


LANG SNUTE

CX    Me ventar gjester i kveld, so eg måtte setja CX'en inn i garasjen slik at dei kunde få plass til bilarne sine i tunet. Gjestfri skal ein jo vera!
   Helder rettare sagt: eg prøvde å få bilen inn.
   Kvifor kann ikkje desse snikkarane laga garasjar som passar til normale 5 meter lange bilar?

   
G o d   J o l !




Laurdag 12. november 2011


CX
   Her stend ein trist CX som ikkje hev vorte brukt på mange, mange veker...


Fredag 11. november 2011


SYKKELMORO

   Eg syklar fortsatt til jobben, ettersom motorvarmaren på CX'en hev slutta fungera, og det ser ut til å vera uråd å fenga tak i ny. Kanskje eg skulde prøva med ein slik til å montera på eine slangen millom motoren og radiatoren?
   Eg brukar å sykla etter vegen ogso der det er gangveg, tydelegvis til mange bilistars store irritasjon. Merkeleg; når eg køyrer bil er det eg som irriterer meg yver dei andre bilistarne, men når eg syklar er det dei som irriterer seg yver meg!
   Men heimatt ijaftes fann eg ut at eg skulde prøva denne gangvegen.
   Etter ei stund kom eg bakum ein som gjekk bortyver med ein hund i band. Han gjekk midt i vegen med hunden på vinstre sida. Eg sykla forsiktigt forbi på høgresida, og fekk akkurat då i augnakroken sjå at hunden for bakum eigaren og etter meg, slik at den forfjamsa fyren vart vridd rundt som ein korketrekkar. Artigt!
   Heretter skal eg sykla etter gangvegen kvar bidige dag.


Laurdag 29. oktober 2011


YVERGREP

I Aftenposten kann me lesa:

45 av 48 voldtektsmistenkte av utenlandsk opprinnelse

Tenk um me kunde laga ein haug med damerobotar som kunde spasera rundt i gaterne nattestid? Med ei kraftig musefelle montert innvendig ein viss plass.
Roboten måtte vera tung, minst 150 kg, slik at gjerningsmannen ikkje vilde klara å bera honom med seg. Etter at musefella klappa att skulde roboten byrja spela Vikingarna utan stopp i 24 timar. Deretter kunde musefella opna seg att.


Onsdag 26. oktober 2011


JENSN & NABOEN

   Prøvde fyr nokre år sidan å laga ein liten teikneserie...




Laurdag 1. oktober 2011


TAPTE MOTIV

   Det kann segjast mykje bra um å køyra CX, men som med alle bilar: dukkar det upp eit flott fotomotiv kann det bliva problem. For du kann nemleg ikkje stoppa kvar som helst. Det hev vorte mange tapte motiv upp gjenum åri.
   Med sykkel derimot, kann du røska upp kameraet umtrent kvar det skulde vera og fanga motivet fyr det forsvinn. Slik som i dag tidleg. Eg stoppa midt på Loftesnesbrui og fekk fanga dette motivet i akkurat rette augneblinken. Det er spesielt når det er skodde at motivet kann endra seg fort. Her er eit anna bilete eg tok for ei tid sidan. Men då hadde eg CX'en.


Fredag 30. september 2011


FYREBILETE?

   Las i ei nettavis i dag um vektarar som patruljerer i Oslo fyr å få vekk narkotikaseljarar og gjera gaterne tryggare. Fint det.
   Men den eine brukte sjølv rusmiddel (snus), og ein av deim (den same?) gjekk og spaserte midt i ein sykkelveg. Hmm...


Måndag 26. september 2011


DRITVATN

   Når ein byrjar å sykla um våren, er ein gjerne proppfull av gode forsett; ein held seg tett i vegakanten, stoppar og slepper forbi rett som det er, syklar etter gangveg (veit ikkje um det er so bra, forresten), og prøver kort og godt å vera ein MØNSTERsyklist, høfleg og smilande.
   Men so upplever ein gong på gong å nesten bli pressa i gryfti av uforskamma bilistar, og gjerne ogso voldsom fløyting, og til og med gauling ut gjennum opne bilglas, og so går ein etter kvart yver til å bli det som bilistarne sikkert upplever som ein MONSTERsyklist. Og — det er dei som hev skapt "monsteret"!
   Ein byrjar å halda seg godt ut i vegbana for å unngå å bli forbikøyrd på dei aller trongaste plassarne, og for å hava litt meir å gå på når ein blir forbikøyrd med minimal klaring, og ein blir meir likahendt med å sleppa forbi. Fordi ein ikkje hev noko som helst att for det. (No er eg jo fullt klar yver at ikkje alle desse bilistarne som framviser idiotisk køyring kann noko for det, dei er berre so utruleg dumme uppi hovudi sine, stakkars: me fær vel helder tykkja synd på deim.)
   I dag tidleg var det eit fæla regnvêr då eg stod upp, so difor tok eg på meg "ekstremregntøyet" mitt (bukse og jakke berekna på storm i høgfjedlet). Men då eg byrja sykla hadde det jo sjølvsagt slutta å regna (irriterande).
   Men då eg var komen til Kjørnes, kom det ein fjompenisse i ein raud lastebil og dundra gjenom ei svær søyle og sende ein foss av dritvatn rett i andlite på meg! Du hev sikkert upplevd det sjølv ogso når du køyrer bil, at det hev kome ein halv innsjø rett i frontruta med eit smell, slik at du ikkje ser noko som helst fyrr du i panikk hev fått i gang vindaugsviskaren. Tenk deg då å fenga dette rett i andlite når du kjem trillande i 30-40 i halvmyrkni.
   Vel — um ikkje anna so fekk eg no iallfall bruk fyr regnkledi.


Torsdag 22. september 2011


MØRK TYPE

   Eg syklar til arbeidet for tidi, ettersom CX'en ikkje er heilt frisk. Han driv og gassar på eigihand; hev tydelegvis fenge eit rusproblem... driv og rusar seg upp.
   Det var ikkje skikkeleg ljost enno i dag tidleg, men eg var godt synleg; med kraftige lykter framme og bak, og raud regnbukse og gul sykkeljakke.
   På den lange rettstrekka her på Kaupangerskogen uppedaga eg brått at det kom ein syklist i mot, og eg skvatt nesten litt, for han dukka upp som eit spøkelse. Han var mørkkledd, hadde ikkje eit einaste ljos på sykkelen, og etter det eg kunde sjå helder inkje refleks.
   Og bilisten som kom bakum meg akkurat i det same kann helder ikkje hava sett honom, ettersom han lagde seg heilt yver i motgangande køyrefelt då han køyrde forbi. Han kann ikkje ha vore meir enn millimeter frå den myrkkledde.
   So — hadde det skjedd ei ulukke her hadde det vel vorte eg som hadde fenge skuldi, avdi eg var alt for godt synleg...


Laurdag 10. september 2011


DUST

   Gjeng du ut i myrkni i trafikken UTAN refleks? Er du ein DUST?
   Nei – nei, naturlegvis ikkje. Du hev alltid tvo refleksband liggjande i ytterjakkane dine heile året, og tek deim alltid på deg når du ferdast ute i myrkni og halvmyrkni. Og dersom du hev med deg ein reflekslaus ven, kann du låna vekk det eine. (Du vil då framstå som den kloke og framsynte.)
   Sameleis hev du vel alt som skal til av ljos og refleksar på sykkelen din, og alle ljospærerne på CX'en er i orden?
   Når du er ute og køyrer i myrkni, og du ser ein fotgjengar som kjem mot deg i vegakanten MED refleks, blendar du naturlegvis ned. Treffer du derimot på ein DUST, kann du godt venta litt med nedblendingi; kanskje han då skynar at han er vanskeleg å sjå. Kanskje. I alle høve: fyl godt med på vegakanten, spesielt når du fær bilar i mot, for då kann det vera utruleg vanskeleg å få auga på ein eller fleire som kjem gangande der utan refleks. Me hadde forøvreg eit slikt tilfelle her på Kaupanger for eit par år sidan: Lang rett strekning, stupmyrkt, tvo bilar som kjem mot kvarandre, og ein fotgjengar som går på kantstripa og trur han blir sett. Men bilføraren som køyrde på honom, såg honom ikkje i det heile. Merka berre eit dunk i bilen.
   Men tru no ikkje automatisk at bilføraren ser deg fordi um du hev refleks på deg; kanskje det er ein MEGADUST som sit og sender tekstmeldingar når han helder skulde halde augene på vegen...


Laurdag 3. september 2011


HELVETESFOSSEN

   For ganske mange år sidan hadde me ein bensinstasjon av den gode gamle typen, med verkstad og alt du trengde til bilen. Han som dreiv stasjonen heitte Fossen til etternamn.
   Eit stykke innafyr bensinstasjonen, i Årøy, hev me ein foss som heiter Helvetesfossen. Han skal visst heita det avdi sogndølene ein gong jagad ein fut på elvi der: han fór i fossen.
   Og so kom det då ein dag ein dansk turist inn på stasjonen, han vende seg til ein som jobba der og spurde: "Hvor er Helvedesfossen?"
   Han som vart spurd var nok van med litt av kvart av konflikter når det galdt bilar og reparasjonar og so burtetter, for han svarade utan å blinka: "Han sit innpå kontoret."


Måndag 29. august 2011


TREIGING

   Heimatt i kveld hamna eg baki ein lang kø, og bilar bakum meg vart det etter kvart ogso. Greidt, tenkte eg, enno ein utanlandsk turist.
   Då me kom til den lange rettstrekka på Kaupangerskogen fortsette køen i knapt 60. Dei aller fleste ligg her i 80-90, og er ogso raske med å køyra forbi. Men ikkje i dag. Den kvite bilen fremst fortsette si langsame ferd, med hine diltande etter.
   Du hev no sjølvsagt skyna det: det var ikkje ein utlending, men derimot ein norsk uniformert politibil. Han svinga av ned mot Kaupangsenteret; det gjekk seinare og seinare, og gjennum rundkøyringi var det berre so vidt han lea på seg.
    Eg lurte på um eg skulde fylgja etter og yta livreddande fyrstehjelp, både på sjåføren og bilen, for det såg ut til å berre vera eit tidsspursmål fyrr båe stogga heilt upp!


Laurdag 27. august 2011


MYRKETID

   Det byrjar myrkna tidlegare um kveldane, og dét i kombinasjon med regnet som me ser ut til å ha fenge meir elder minder permanent denne sumaren, betyr at du no må gjera fylgjande: Vask frontruta skikkeleg på innsida. Sjå etter at alle ljospærer fungerer. Set på ny vindaugsviskar. Etterfyll med god spylevæske.
   Spesielt fyr deim av oss som er ein del eldre enn bilen, er det viktug å hava alt dette optimalt. Nattsynet vårt skal visstnok ikkje vera som i unge år. So um du hev lykter med dei store metallreflektorarne, og straumen kopla via relé, samt lykteviskarar, kunde du jo sett i rallypærer fyrr å kompansera fyr synstapet. Men dette er jo inkje lovleg. Sjølv um CX'en hev automatisk nivåregulering! Dette hadde vel neppe medført meir blending enn det desse !#%@#! xenonbilane driv med. Elder desse jolatreljosi (diodekøyreljos elder kvat det no er) som svir i augene tilogmed i godt dagsljos! (Um du ser beint inn i deim.)
   Ta i alle fall og monter ekstra langljos, um du ikkje hev frå fyrr. (Det er forhåpentlegvis lovleg.)


Fredag 19. august 2011


SPRÅK

   leirdal.info er skrive på Høgnorsk (ikkje Nynorsk) og kann nok vera tung å lesa fyr folk austanfyr og i Danmark. Eg hev no difor byrja yversetja til Riksmål, og er fyrebils ferdig med bremsesiderne. Når du kjem innpå der er det berre å trykkja på det norske flagdet, og språket klarnar upp, som ved eit trylleslag.
   På sikt er planen å fenga alt yversett til Riksmål og Engelsk, men det er mange sider, so det vil taka tid!
   Skulde eg ha klart å yversetja noko heilt ut på viddene, fær du helder tipsa meg i gjesteboki.


Tysdag 16. august 2011


BLINKING

   På veg heimatt i dag kom eg bakum ein liten nederlandsk bil, ein kvit Renault.
   Han køyrde verken fort eller seint (fort, til utlending å vera;). Brått lyste det upp på høgre sida av bilen, og det byrja blinka eit ljos. Eg forstod fyrst ikkje kva det var; men so kom eg på det: retningsljos!
   Dette var lenge fyrr neste avkøyrsle, og eg kunde dermed berre sleppa gassen og sakte skapa meir avstand millom oss, fyr so å roleg gjeva gass att etter at han hadde svinga av vegen.
    Hadde bilen framfyr hatt norske skilt vilde eg sett bremseljosi hans lenge fyrr blinkljoset, um det i det heile hadde vorte påsett!


Laurdag 13. august 2011


SMELLING FRå BAKENDEN

   Eg hev i det siste lurt på kva som hev gjenge fyr seg bak (på CX'en;).
   Det hev kome ein kraftig smell når eg hev køyrt litt fort yver fartsdumpar, og av og til hev bakluka knirka noko so agaslaust. Eg var byrja bli redd fyr at eine bakhjulsupphenget heldt på å gå i uppløysing, og litt rust er det jo der, men ikkje verre enn at det vart godkjent på EU-kontrollen.
   No fann eg ut kvat det var.
   Splinten i eine hengslet på bakluka var roken sund, slik at luka berre hengde i det andre (som sikkert helder ikkje er særleg bra). Greidt med enkle feil!


Måndag 8. august 2011


EU—KONTROLL

   På EU-kontrollen for tvo år sidan var det null feil.
   I dag vart det tvoarfeil på bremseskiverne framme, skeiv bremsevirkning framme, skeiv bremsevirkning handbremser (ogso framme;). Båe hadde for svak bremsevirkning på vinstre side. Kann det ha kome noko på bremseskiva?
   Hadde ein mistanke, for ved kraftig uppbremsing hev høgre framhjul hatt lett for å låsa seg. Og skiverne er ikkje under minimum enno, men skeivslitne, slik at dei er byrja bliva i tunnaste laget på innsida.
   Greide feil: bremseskiverne måtte eg skifta snart uansett, og etterkontrollen fær eg gratis.


Søndag 7. august 2011


STORSERVICE

   Fann ut at eg måtte ta å stramma handbremserne i dag, so inn i garasjen, upp med fronten og til å justera. På vinstre sida er båe dei småe boltarne som skal halda brenseskiva på plass vekke, so der måtte eg fyrst finna tri hjulboltar til stålfelgar og setja i, slik at bremseskiva vart sitjande skikkeleg på plass under operasjonen.
CX    Dette var ikkje so lenge gjort, so kanskje eg skulde finna på noko anna ogso. So ut med bilen, og rygga han inn att på tvo hjulrampar. Dei vilde jo ikkje halda seg på plass, so eg måtte finna tvo fjøler som eg sette millom ramparne og veggen. Då gjekk det greidt. For å vera på sikre sida sette eg ogso bukkar i traktordimensjon under dei bakre jekkfesti. (Og etter som CX'en seig ned framme, vart han etter kvart liggjande med nasen heilt nedi grusen;) Eg kraup under bak, og jo — der var det tidsfordriv, både hol i eksosanlegget og styggeleg med rust.
   Og so keik eg ned i motorrommet. Ut med luftfilteret og reingjorde det på den lettvindte måten (trykkluft), og skifta dieselfilteret. Dreneringsholet var som vanleg tett, so det bles eg upp att med trykkluft. Fffffflopp! sagde det. Og når ein fyrst hev stukke hovudet ned i motorrommet, so må ein jo berre reingjera litt. So då eg endeleg var ferdig og skulde inn og fenga meg middag, hadde klokka vorte ni um kvelden.
   Kvifor eg hev herja slik på med bilen i dag? Jo — i morgon den 8/8 klokka 8 skal eg på EU-kontroll...


Laurdag 6. august 2011


HAIKARAR OG CX-DØRER

   Plukka upp eit koseleg eldre ektepar frå Tsjekkia i dag; dei stod med ryggsekkerne sine ved vegakanten på Kaupanger. Hadde kome med fly til Oslo, fortalde dei, og haika seg heilt til Vestlandet.
   No plar eg vanlegvis vera svært varsam med å plukka upp haikarar, men desse såg no svært so tilforlatelege ut, og so stod dei akkurat der eg svinga inn på hovudvegen, slik at eg hadde svært sakte fart. (Det er jo alltid lettare å lata vera å stoppa når ein kjem i 80.)
   Det som var pussigt, var at då dei skulde inn i bilen forstod ingen av deim korleis dei skulde få upp dørerne. Men dei hadde ingen problem med å opna dørerne då dei skulde utor att. Det plar vera umvendt!


Fredag 5. august 2011


UPPSTART OG BRÅK

   Kom til å tenka på i dag tidleg, at kanskje eg ogso upplevest som ei bråkebøtte av naboarne mine av og til.
   Eg legg meg ofte tidleg, fordi eg skal tidleg upp, og blir difor ofte forstyrra av diverse naboar som bråkar på alle tenkelege og utenkelege måtar. Ei natt i halvtolvtidi var det til dømes både snikkering og bruk av sirkelsag, og då eg stakk hovudet ut glaset uppdaga eg at lydane kom frå tvo ulike hus! For ikkje å snakka um festing med gauling og skriking til klokka fem-seks um morgonen av og til (det huset ligg heldigvis eit stykke borti gata), høglytt prating, og bilar og mopedar. Og gneldrebikkjer (må no vera det verste som er).
   I dag stod eg upp fyrr klokka fire, og reiste difor ekstra tidleg. Eg hev dieselbil, og CX'en brukar jo ei stund på å heva seg til køyrestilling. Og det kjem olje eller LHM på reimi til pumpa, slik at dette tek av og til ekstra lang tid. I tillegg må eg gassa upp til ca 2000 umdreiningar fyrr dynamoen byrjar å lada. So naboarne med bilar der det berre er å vri rundt nykkelen og køyra, forstår nok ikkje heilt kva eg driv på med.
   Hev nesten lurt på um eg skulde laga eit rundskriv og leggja i alle postkassarne, der eg forklarar stoda...
   ...eller kanskje eg skulde byrja å parkera utanfyr huset til den festglade naboen, då vilde eg starta upp slik umtrent ein halvtime etter han hev sovna...


Fredag 22. juli 2011


FRAMHJULER OG FÆLE LYDAR

   Bakdekki var byrja bli bra nedslitne, so i dag fekk eg meg nye. Eg fekk både dei, og framdekki (som hev bra mynster) lagt yver på lettmetallfelgarne som fylgde med førre CX'en. Gav streng beskjed um at dei ikkje måtte setja balanselodd på innsida, og fekk att hjulene med balanselodd på innsida.
   Vel - vel, fær no prøva likevel, tenkte eg. Komen halvveges til arbeidet, byrja det brått å skrapa og smella noko voldsomt frammi hjulene. Eg røska handbremsi upp til fyrste hakk, og køyrde slik resten av vegen.
Felg    Etter arbeidstid var det av med høgre framhjul (hadde tykt det var der lyden kom frå), men nei, såg ikkje noko merke på loddet som var pålimt der. So av med vinstre hjul, og der var det ikkje noko lodd, men ei kraftig ripe i felgen etter enden av handbremsevaieren.
   So var det inn og finna skøyteleidningar og ei elektrisk sag og til å saga av enden på handbremsevaieren. Folk keik og glodde, og tykte visst det var veldig rart at eg dreiv og saga i bilens vitale deler. (Kanskje lenge sidan dei sjølve hadde gjort noko liknande;)
   Vel — det fungerte, hev sloppe skræmande ulydar etter dette, og bilen kjennest kvikk og spretten med lettmetallfelgarne.
   (Medan eg dreiv og heiste upp CX'en for å få av framhjulerne, hadde husverten min stande uppi eit loftsglas og snakka med ein kjenning på hi sida av gata. Men dieselmotoren på CX'en bråka so fælt at han måtte setja samtalen på vent.)


Sundag 16. januar 2011


DUSTEKØYRING

   Måtte ein tur på arbeid i dag, trass i at det er sundag. For i staden fyr å sova vekk sundagsmorgonarne (at morgonstund hev gull i munn er noko stort tull i grunn) kann ein jo i staden gjera noko vetugt!
CX    Då eg kom til rundkøyringi i Sogndalsfjøra og skulde svinga ned mot nedste Fjøra, fekk eg sjå ein forferdeleg brøytekant. Men nokon hadde køyrt der fyrr, såg rettnok ut til å ha vore ein lastebil, so eg heiste CX'en upp i yverste stillig og gav gass. Og bråstogga midt uppå brøytekanten og vart nærast standande og vogga. Kom meg ikkje av flekken. Ikkje nytta det å seinka CX'en ned til nederste stilling, og so upp i yverste att helder. Det plar no fungera bra heldest.
   Vel, då var det berre å taka føterne i bruk og koma seg burt på jobben og henta ein spade. Rettnok hadde eg ein i bilen, men det var ein slik samanleggbar ein, lite eigna til uppgåva. På veg burtover kom eg forbi eit hus der det stod ein Citroën utanfor, og eigaren dreiv og kosta snø. Fekk låna snøspaden hans, returnerte til den fastståande og byrja grava. Let motoren vera i gang, for CX'en hev det med å siga ned nokso fort framme.
Koking    Etter eit kvarters slit hadde eg endeleg fått fjerna sopass mykje steinhard snø at eg rekna med å koma meg laus, so eg leverte attende spaden med takk for lånet, og dura bort på jobben. Nesten bortkomen byrja so motoren å koka noko voldsomt, det var som å køyra damplokomotiv. (Det var nok CX'en sin måte å segja frå um at han ikkje hadde likt upphaldet i rundkøyringi.)
   Eg hadde teke bilete, so eg skreiv nokre linjer og sende til lokalavisa, og trur du ikkje eg hamna på framsida ein knapp halvtime etterpå! Og um ikkje lenge ringde kona, ho hadde akkurat stande upp, og nærast sett morgonkaffien i vrangstrupa då ho opna netavisa.



. . . s t o r t   s e t t   b i l r e l a t e r t ,   m e n   i k k j e   a l l t i d . . .

Når du skal under bilen - ALLTID sikra med 4 bukkar OG bruk vernebriller!
              Dersom du ikkje føler deg 100% kompetent til å vøla på bremser, forstilling og liknande, leverer du bilen til ein verkstad som kan CX.
              Alle råd og tips på denne sida må kun reknast som vegleiande. Det blir ikkje teke noko som helst ansvar for skade eller dødsfall som måtte oppstå som følje av at du føl desse råda.
              Dei fleste teikningane på denne sida er lånt frå delelistene og servicemanualane til Citroën CX.
              leirdal.info er frittståande og ikkje-kommersiell, og har ingen forbindelse med Citroën.
              leirdal.info is in no way affiliated with Automobiles Citroën.

Trykk  F11  yverst på tastaturet for å få vekk alt rotet uppe og nede på skjermen

Opp

© www.leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional