Kontroller lufttrykket i alle dekki inkl. reservehjuli. Hav litt ekstra luft i
bakdekki um du skal hava mykje bagasje.
Etterfyll LHM, olje, kjølevæske, spylevæske, og kontroller nivået på gearoljen.
Reingjer bilen både innvendig (hugs frontruta) og utvendig. Tak gjerne ogso ein polering.
Monter vindaugssokkar yver glasi i bakdørene, og i Berline ein solskjerm i bakruta.
Set ein kjølebag i bagasjerommet. (Hent straum frå leidningane som går til eine lampen.)
Hav med nokre 5-litersdunkar med drikkevatn, samt plastbeger, kjøkenrull, handsåpe, toalettpapir og lykt.
Sikra all bagasje med reimar pluss evt. nett.
Undervegs
Køyr roleg og ikkje lat deg stressa. Det gjeng berre ut yver deg sjølv
(og familien, og medtrafikantane, og kanskje lommeboki ;).
Hald god avstand. Då kann du køyra mjukare, og ikkje måtta bråbremsa kvar gong
han framfyr sakkar farten. (Du slepp ogso drevet frå honom i regnvêr.)
Du har ENDELEG klart å koma deg forbi DEN treigingen, og so forlangar nokon i bilen at du skal stoppa.
Då må du ikkje bliva irritert, men taka sopass lang pause at du ikkje tek att same treigingen på nytt.
Fyll drivstoff når tanken er halv. (Då unngår du å
køyra med nåli nede på null på leit etter neste bensinstasjon som aaaldri dukkar upp ;)
Parker i skuggen. Må du parkera i solsteiken set
du bilen slik at soli er i området millom klokka 3 og 6.
(Og skaff deg gjerne ei vifte som blæs luft inn i bilen når han stend parkert.)