Attende
Fjøring
Transport
Riksmål English


Transport av ein nedsegen CX er ikkje enkelt. Det går ikkje an å slepa utan fjøring, og det kann vera vanskeleg å få honom upp på biltilhengar utan å skrapa nedi. Det gjeng an å fenga honom upp i frå, men du vil fortsatt ikkje ha meir fjøring enn du får av dekki.                                                                                                


Framme                                                

  • Jekk upp fronten.
  • I motorrommet (bak hydraulikkpumpa og på andre sida): Stikk inn 10cm firkantrøyrer (ca 5x5cm) el.l. Må vera solide.
  • Slepp ned att fronten.                                                                         

• Det kann kanskje ogso gå an å taka av kulene og stikka uppi passeleg lange runde røyrer, og so skru kulene på plass att. Men det gjeld då at desse røyrene ikkje forårsakar skade.

Bak                                                

  • Jekk upp bakenden på bilen og tak av loki yver hjulene.
  • Fjern gummipakningane (stikk eit flatt skruejarn under kanten og bend deim ut).
  • Stikk inn 10 cm firkantrøyr (ca 3 x 4 cm) el.l. slik som den raude firkanten viser.
  • Etter avslutta transport: Tak ut firkantrøyrene og bank gummipakningane på plass att med hammar.

Bak Bak

På hengar                                                

Hengaren må vera lang nok. Ikkje avstand framhjul – bakhjul på CX'en som skal uppå, men avstand frontstøytfangar – bakhjul.
I eit "naudsfall" (med for kort hengar) kunde du kanskje ta av bakhjulene og legga deim under bakre jekkfester, med noko mjukt imillom (fjøl med sitje/liggeunderlag på båe sidur t.d.). Du måtte då sjølvsagt sikra bakenden ekstra godt mot å gli sidelengs.

Um CX'en ligg heilt nedpå kann du kanskje likevel få vinsja han uppå hengaren um du koplar hengaren frå slepebilen.

• Ikkje rygg CX'en uppå; då blir hengaren altfor baktung.




Opp

© www.leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional