Attende
Fjøring
Framme
Riksmål English

Problem

Dårleg eller manglande fjøring framme.

Kontroll

Start bilen og lat honom vera i normalhøgde.
Fat hjørna av støytfangaren og lyft upp. Du skal no utan alt for store anstrengelsar kunna lyfta fronten 20-25cm. (Eller feng naboen til å gjera det, slik at du ikkje skadar ryggen..;)
Gjenta på den andre sida.

Skifting av fjøringskuler framme                       Kule Kule


  1. Start bilen og vent til han hev heist seg upp. Slå av motoren.
  2. På vinstre side: Kopl frå leidningane til ryggeljosbrytaren og lyft upp leidningbunten (du må kanskje ogso skru laust eine hornet).
  3. Løys kulene nokre cm med ei oljefiltertong. [Du kann i staden slå eit lite hakk i kulene med hammar og meisel, setja meiselen i hakket og banka til kulene har skrudd seg upp 1-2cm. MEN — hugs at kulene inneheld gass under trykk: sprikk dei blir det katastrofe!]
  4. Senk bilen til nederste stillingen.
  5. Kjenn etter um kulene er lause (eller rettare sagt festet til kulene); dei skal kunna bikkast litt fram og attende. Sit dei fast, kann du taka ein garasjejekk inn under fronten på bilen og heisa honom litt upp. Då bør dei losna.
  6. Skru av kulene med hendene. Bruk gummihanskar for å få betre grep.
  7. Tak ut dei gamle pakningane, hav LHM på dei nye, og press deim godt på plass (ikkje på kulene, men der kulene skal skruast på plass).
  8. Smyr eit tunt lag med mineralgrease på kontaktflatene på kulene og skru deim på plass. Stramm so godt du klarar kun med hendene, ikkje bruk hjelpemiddel.
  9. Legg på plass att leidningbunten og kopl til ryggeljosbrytaren.

Vanskeleg?

Nei, dette er relativt enkelt. Men problem kann uppstå um ein eller annan fjomp hev skrudd fast dei gamle kulene med tong...

NB! Hugs vernebriller!




Opp

© www.leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional