Problem
Dårleg eller manglande fjøring bak.
Kontroll
Start bilen og lat honom vera i normalhøgd.
Fata hjørna på støytfangaren og lyft upp. Du skal no
utan alt for store anstrengelsar kunna lyfta bakenden 15-25cm.
Gjer det same på den andre sida.
Er bilen stiv, må sannsynlegvis kulene skiftast. Men det kann ogso vera
at svingarmane sine lager er dårlege eller øydelagde.
|
|
Skifting av kuler
- Heis bilen upp til yverste stilling, tak av skjermane og løys hjulmutterane på bakhjulene.
- Jekk upp bilen framme (og dermed ogso bak), set bukkar under bakre jekkfester, og tak av bakhjulene.
- Tak av bremseskjoldi (ver forsiktige med skruane:
varm deim upp og lat deim kjølna att fyrr du prøvar å skru deim ut).
- Pakk bremseskivene inn i plast.
- Reingjer SKIKKELEG i området rundt kulene (bruk skrape/kost/støvsugar/trykkluft; ikkje vatn).
- Bruk ei filtertong (med reim) og skru kulene upp nokre cm.
[Du kann i staden slå eit lite hakk i kulene med hammar og meisel,
setja meiselen i hakket og banka til kulene hev skrudd seg upp 1-2cm. MEN
hugs at kulene inneheld gass under trykk: sprikk dei kann det bliva katastrofe!]
- Set høgdereguleringen på nedste stillingen (på CX serie 2 må du fyrst skru på tenningen).
- Set jekken under svingarmane og jekk deim upp (dette kann taka litt tid).
På denne måten feng du vekk trykket. Fjern jekken.
- Lyft upp og ned på båe sidur for å kontrollera um svingarmane sine lager er i orden
(no kann vera eit gunstigt tidspunkt å etterfylla grease).
- Blås reint med trykkluft rundt den fremste plastrøyri på kvar side og drag deim ut.
- Løys slangeklemmene og press kulene so langt framyver (med kubein) at det gjeng an å taka deim ut.
- Set under noko som kann samla upp LHM og skru av kulene og lirk deim ut
(du må kanskje pressa fjørbeinet litt framyver med kubein).
- Pensl alle yverflater i området rundt kulene med Owatrol (eller anna rustbehandling).
- Tak ut dei gamle pakningane, hav LHM på dei nye, og klemm deim godt på plass (ikkje på kulene,
men der kulene skal skruast på plass).
- Smyr eit tunt lag med grease på kontaktflatene på kulene og eit tjukt lag på toppen (rundt knotten).
Skru deim på plass (pass på at pakningane blir verande der dei skal!!!).
Stramm so godt du klarar kun med hendene, ikkje bruk hjelpemiddel.
- Start motoren og set høgdereguleringen på yverste stilling.
- Sjå etter at kulene hev kome seg heilt bak att (til dei støyter mot metall,
pass på at knotten på toppen av kula hev kome midt i holet) og stramm slangeklemmene.
- Set på plass att plastrøyrene (skal ca 1 cm nedi).
- Skru på att bremseskjoldi.
- Set på att bakhjulene og skjermane, fjern bukkane og etterfyll LHM. (Hugs å etterstramma hjulmutterane!)
So er dei nye kulene på plass.
|
|
Vanskeleg?
Ja.
Det er trongt både å fenga ut dei gamle kulene, og å fenga dei nye på plass.
Du må ogso passa på å vera særdeles reinsleg.
Um du vil kann du taka ut alt, men det er minst like plundrete.
Du plasserer då fjørbeinet i ei polstra tvinge,
strammar FORSIKTIG og set ei 8mm metallstong i holet berekna på det
(IKKJE holet der hydraulikkrøyri er kopla til!)
på fjørbeinet (for at det ikkje skal vrida seg rundt i tvinga).
NB! Hugs vernebriller!
Uppjekking av svingarm.
Hev du ikkje filtertong med reim kann du prøva å bruka eit patentband.
Bruk ei stor tong med avrunda kjeft til å halda att fjørbeinet.
|
|