|
|
Montering av ekstra bremseljos
Det gjeng an å festa bremseljoset rett på bakruta, men
det er betre å festa det til plastdekselet.
- Tak ut vinstre bakljos (tvo skruar og lirk det forsiktig laust).
- Tak av dekselet på vinstre D-stolpe: tak ut lampen (bikk honom ut på vinstre side med eit flatt skruejarn)
og skru ut bolten innanfor, tak av gassdemparen (set eit kosteskaft som stytte under bakloket), tvo plastclips (stikk inn
eit langt skruejarn el.l. og bend forsiktigt ut).
- Løys sidedekselet i bakkant (tvo skruar).
- Lim fast bremseljoset på plastdekselet uppe, tett innåt gummilisti.
- Tak av plastdekselet (tvo skruar + fire plastklips).
- Bor hol frå innsida av plastdekselet og inn i føtene på bremseljoset og set i skruar.
- Skjer eit hakk i kanten på plastdekselet (evt. bor eit hol), hav limband på leidningen og legg honom gjenum hakket.
- Trekk leidningen ned til vinstre bakljos: fyrst gjennom plaststrympen (bruk ein tunne streng til å draga med),
deretter festast med limband nedetter D-stolpen,
so gjennum et hol (trekk ein plaststrympe på leidningen her) og inn i bakljosrommet.
- Kopl minusleidningen til jord.
- Forleng plussleidningen og kopl han til bremseljosleidningen framfyr boksen under baksetet
(avisoler båe, tvinn stramt rundt, lodd og hava på rikeleg med isolasjonslimband). Um du koplar til bakanfyr
boksen vil ikkje varsel om defekt bremseljospære fungera.
(Plussleidningane til straumuttaket for tilhengar må ogso vera kopla
framfyr boksen.)
- Monter båe plastdekseli, sidedekselet og vinstre bakljos
(kontroller fyrst at jordingen til bakruteviskaren er skrudd godt fast).
|
|
|