Attende
Elektrisk
Ekstra bremseljos CX
Attende

Plastklips Um du bryt sund plastclips, vrir du på plass eit nytt med ei tong (med klokka). Pass på at det kann bevega seg fritt.

Lodding Ikkje slik...

Lodding ...men slik.


Montering av ekstra bremseljos


Det gjeng an å festa bremseljoset rett på bakruta, men det er betre å festa det til plastdekselet.

  1. Tak ut vinstre bakljos (tvo skruar og lirk det forsiktigt laust).
  2. Tak av dekselet på vinstre D-stolpe: tak ut lampen (bikka honom ut på vinstre side med eit flatt skruejarn) og skru ut bolten innanfor, tak av gassdemparen (set eit kosteskaft som stytte under bakloket), tvo plastclips (stikk inn eit langt skruejarn el.l. og bend forsiktig ut).
  3. Løys sidedekselet i bakkant (tvo skruar).
  4. Lim fast bremseljoset på plastdekselet uppe, tett innåt gummilisti.
  5. Tak av plastdekselet (tvo skruar + fire plastklips).
  6. Bor hol frå innsida av plastdekselet og inn i føtene på bremseljoset og set i skruar.
  7. Skjer eit hakk i kanten på plastdekselet (evt. bor eit hol), hav limband på leidningen og legg honom gjenum hakket.
  8. Trekk leidningen ned til vinstre bakljos: fyrst gjennom plaststrympen (bruk ein tunne streng til å draga med), deretter festast med limband nedetter D-stolpen, so gjennum et hol (trekk ein plaststrympe på leidningen her) og inn i bakljosrommet.
  9. Kopl minusleidningen til jord.
  10. Kopl plussleidningen til bremseljosleidningen (avisoler båe, tvinn stramt rundt, lodd og hav på rikeleg med isolasjonslimband).
  11. Monter båe plastdekseli, sidedekselet og vinstre bakljos (kontroller fyrst at jordingen til bakruteviskaren er skrudd godt fast).

deksel

Feste

Hakk



Opp

© www.leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional