Attende
Elektrisk
Dynamo
Attende


DYNAMOEN leverer straum til dei elektriske brukarane, samt ladar batteriet.


Skifting av dynamo


NB! Hugs å kopla frå batteriet når du byter dynamo.


Å skru dynamoen på plass att kann vera plundrete. Problemet er å fenga den lange bolten til å entra muttaren i staden for å yta honom utor.

Pass på å kopla leidningane rett. På den nye dynamoen kann det godt henda at pluss og minus er plassert omvendt.

Når du skal kopla til batteriet att, kakkar du minuskontakten forsiktig bort i minus på batteriet fyrr du set han på (VERNEBRILLER+HØYRSELSVERN). Fær du ein forferdeleg gneiste, hev du sannsynlegvis kopla feil på dynamoen.


Dynamo Muttaren.

Mutter Muttaren og gummipakningen.


Ladelampen                                            


Når du vrir på tenningen skal ladelampen lysa, for so å slokna når motoren hev starta.

Um ladelampen ikkje sloknar etter at bilen hev starta, er det berre å gjeva litt gass. Men vent til bilen hev heva seg, slik at oljen hev fenge byrja sirkulera i motoren.




Opp

© www.leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional