Attende
Elektrisk
Baklykter
Attende


Reingjering                            


  • Skru ut skruane og tak baklyktene forsiktig utor.
  • Tak forsiktigt laus printplatene.
  • Fjern pærene.
  • Vask printkorti med raudsprit.
  • Reingjer kontaktane godt (ogso dei som leverar straum til korti).
  • Pensla heile korti, bortsett frå kontaktane og kontaktflatene til pærene, med Owatrol.
  • Set inn alle kontaktane og kontaktflatene til pærene med eit tunt lag syrefritt feitt.
  • Turk av pærene og set deim i att. (Dei tri yvste 21W og den nedste 5W.)
  • Monter forsiktig printkorti på plass att.
  • Set baklyktene på plass og skru deim fast (ikkje for hardt).
  • Kontroller at alle pærene fungerer.


Det er ofte rusta hol i rommi der bakljosi sit, slik at dei er fulle av sand og elende. Skrap vekk laus rust og sprut på Owatrol. Tett evt. hol.


Dårleg kontakt                            


Hev du dårleg eller inkje kontakt i ei pære, kann dette skuldast at straumen ikkje kjem seg forbi A (du kann kjenna med ein finger: blir det varmt der, er der dårleg kontakt).
Set i sofall i ein leidning frå undersida upp gjennom B og eit eksisterande hol eller eitt som du borar upp, og lodd endane fast (skrap reint med kniv der det skal loddast).

Klikk på bileti for å sjå nærare.

Kopl til printkorti, set straum på og kontroller um der er spenningstap på nokon av pæresoklane.


Lodding
Lodding
Lodding



Opp

© www.leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional