|
Bruk hjulmutternøkkel av den typen som kann dragast ut til dobbel lengde.
Gjer det til vane, kvar gong du har av hjulene, å løysa på lufteniplane.
Stramm dei forsiktigt til att, brems hardt, sjå etter um dei lek og set på hettene.
Stramm annakvar bolt med klokka.
|
|
- Bilen må stå på eit heilt flatt underlag.
- Hav bilen i 1. gear og stramm handbremsi godt.
- Tak av bakskjermane.
- Løys hjulboltane med skaftet på verktøyet uttrekt.
- Start bilen og set høgdereguleringen på yverste stilling.
Slå av motoren når han er heilt uppe.
- Set jekken under fremre jekkpunkt og jekk upp til begge hjuli er upp frå bakken.
Set ein bukk under bakre jekkpunkt.
- Tak av hjulene. Kontroller at alt er i orden (bremseklossar, rust etc.).
- Set på hjulene. (Du kann ha litt koparpasta på hjulboltane, på fylgjande måte:
Tak litt koparpasta på ein twistdott som du legge rundt gjengene på bolten. Klemm hardt saman med eine handi,
og skru bolten ut med den andre.)
Bend og lyft på hjulene for å sjekka at det ikkje er noko feil på upphenget.
Snurr rundt bakhjulet for å kontrollera hjullageret.
- Tak vekk bukken og senk ned bilen.
- Stramm hjulboltane med skaftet på verktøyet samanslege.
Stramm annakvar bolt med klokka til dei sit heilt fast.
- Set bilen i normal køyrestilling og kontroller lufttrykket i alle 4 hjulene, pluss reservehjuli.
(Kva lufttrykk du skal hava ser du på ein lapp på A-stolpen med opi førardør.
Lufttrykket til reservehjuli står på sida av dekket.)
- Set på bakskjermane. Smyr skruane med grease og sprut inn olje der skruane er festa.
- Vil du vera heilt sikker, kann du etterstramma hjulboltane etter nokre mil.
|
|
|
Um du ikkje hev, so skaff deg ein garasjejekk. Det lettar arbeidet mykje.
VIKTIG:
Må kun brukast på hardt og plant underlag (t.d. betonggolv).
Hev du ein god momentnøkkel, brukar du honom til å stramma hjulboltane med.
Kor hardt du skal stramma er vanskeleg å gjeva råd um, sjølv brukar eg 110 Nm
på lettmetallfelgar og 115 Nm på stålfelgar.
(Det er kanskje litt mykje, i servicemanualen står det 70 90 Nm.)
Hjulboltane til stålfelgar og lettmetallfelgar er vanlegvis ulikt lange.
|
|