Skifting av frontrute
Du trenge
Pluss
- Avfeittingsmiddel
- Lakkpoleringsmiddel
- Lakkforseglar
- Silikonstift
- Uppvaskmiddel
- Snor
|
|
- Dekk panseret med eit pledd el.l.
- Løys muttaren til vindaugsviskaren og vrid viskaren burt på panseret.
- Drag utor listi som ligg pressa inn i pakningen.
- Tak av plastlistene på A-stolpane (inni kupeen).
- Dekk til dashbordet. Pass spesielt på at ventilasjonsopningane framved ruta er godt tildekka.
- Varm upp pakningen inni bilen med ein hårfønar (hald heile tida fønaren i bevegelse).
- Ver tvo stykker og set føtene mot yverste del av ruta og press henne varsamt ut.
- Ordn evt. rust.
- Reingjer med avfeittingsmiddel på ein klut.
- Poler.
- Hav på lakkforsegling.
- Støvsug inni pakningen der ruta hev vore, og stapp deretter inni eit turkepapir og drag det rundt.
- Kontroller at dei tvo dreneringsholi i pakningen er opne (nede i kvart hjørna).
- Bruk ein silikonstift (ein slike som du brukar til dørpakningar) og drag rundt pakningen på kupesida.
- Varm upp pakningen (lat honom t.d. liggja i soli ei stund).
- Set pakningen på den nye ruta (start nede).
- Smyr uppvaskmiddel på kupesida av pakningen.
- Tak ei kraftige snor, set henne inn med uppvaskmiddel og legg henne inn i pakningen. (NB! I det bakarste sporet,
ikkje dreneringssporet!!)
Snori kann plasserast på ulike måtar; på fabrikken avslutta dei t.d.
med å draga nede.
Måten eg hev gjort det på er å starta klokka tvo og føra snori med klokka ein heil umdreining,
og so vidare til klokka ti.
- Ver tvo stykkjer og set ruta forsiktig på plass. Pass på at ho ikkje glir ned.
- Medan ein pressar forsiktig på utsida dreg den andre pakningen på plass
inni kupeen (med snori).
Start klokka ti og drag til klokka tvo. Tak deretter snori der og drag til klokka ti. Fortset
deretter å draga i båe endane.
- Press listi inn i pakningen att (dette tek tid: er litt plundrete).
- Reingjer ruta grundig på båe sidur.
- Set på att plastlistene på A-stolpane.
- Byt til ny vindaugsviskar, plasser honom burt på ruta, og skru fast.
- Flytt yver spegelen (drag honom uppyver for å løysa honom).
|
|
|
Ny frontrute kann du bestilla på næraste skadesenter.
Ho er på plass i laupet av ein dag eller tvo.
(Pass på at du fær rute med korrekt fargetone.)
Dersom gamleruta sprikk når du tek henne ut vil det koma fullt av små glasbitar inn i kupeen.
For å unngå det kan du festa plast på innsida av ruta.
Bruk nye monteringshanskar ved handtering av rutene.
Yverst på kvar side er det ein plateskøyt som du bør fylla med sparkel,
slik at du ikkje fær plystrelydar på eit seinare tidspunkt.
|
|