Attende
Diverse
Vinter
Riksmål


Snø

Vinter

VINTEREN kann by på mange utfordringar, ogso for ein CX.

CX'en er god til å taka seg fram på vinterføre, av di han hev trekk på framhjulene, og hev prosentvis mykje vekt på desse. Sameleis kann han heva seg yver snøen (terrengstilling).

Men: um det lavsnøar blaut snø, kann det bli balasamt. Friskluftinntaket snøar att, slik at frontruta byrjar dogga. Det byggjer seg upp snø under vindaugsviskaren. Og lyktene kann bli dekka av snø (ikkje kjekt i myrkni).
CX'en kann ogso vera skummel på sporete og sørpete veg, av di bakhjulene sit tettare saman enn framhjulene. Bakenden kann spretta sidelengs som eit skot, spesielt um lageri på upphengsarmane er dårlege. (Då er det inn med clutchen i full fart og lynkjapp korrigering med rattet!) Av denne grunn burde du kanskje hava beste dekki (piggdekk, naturlegvis) bak um vinteren. Men på den andre sida vil dette kunna gjeva lenger stoppstrekning, spinning i motbakkar, og du vil kanskje gå beint i svingane. Det beste er um alle dekki er like gode, so slepp du ta stilling til problemet. Men som konklusjon: ALLTID beste dekki framme, sumar som vinter!

Når du køyrer på såpeglatt is, og merkar at bakenden brått går sidelengs i svingen (yverstyrer), må du gjeva gass, ikkje bremsa! Og MÅ du bremsa, bør du pumpebremsa (um du ikkje hev ABS) medan du korrigerer med rattet. Og for all del ikkje stivna til, då gjeng det gale! Slapp av (er so enkelt at;). For å unngå å hamna i denne situasjonen, passar du på å sakka ned til høveleg fart FYRR svingen, og so gjev du litt gass slik at du dreg deg forsiktigt gjennum.
Fær du derimot det motsette problemet, at bilen prøver å ganga beint i svingen (understyrer), trør du inn clutchen medan du bremser FORSIKTIG, slik at det blir meir vikt på framhjulene.
— Bremsene dine er naturlegvis i PERFEKT stand, med EKSAKT lik bremsevirkning på båe sidur! (Eller...?)


Friskluftinntak

Du kann setja snødeksel på friskluftinntaket, men i praksis fungerer det dårleg. Det er betre utan. Men hugs på at når du sopar snø av bilen, må du ogso opna panseret og fjerna snøen som hev lagt seg på friskluftinntaket.


Kva du bør ha med i bilen

Ein del ting er det sjølsagt å hava med seg heile året, som vognkort, varseltrekant, refleksvest, skademeldingsskjema, penn, mobiltelefon, våtserviettar, brannsløkkar, fyrstehjelpsutstyr, mynter til parkering etc. Samt verktøy, pumpe, startkablar, reserve LHM, olje, frostvæske etc.
Brillebrukarar må hava gamlebrillene liggjande i hanskerommet i eit stødigt etui.

Kva du i tillegg må hava med um vinteren

  • Pledd (eitt til kvar passasjer).
  • Varmedress (til den som må ut og ordna upp).
  • Hovudlykt (diodelykt) pluss ekstra batteri.
  • Tunne fingervottar pluss eingongs vinylhanskar.
  • Vinterfora arbeidshanskar.
  • Kjettingar.
  • Spade.
  • Isskrape og kost.
  • Slepetog.

Ikkje heilt naudsynt kanskje, men...

  • Ein liten handvinsj og ekstra slepetog.
  • Sag (av den typen du rullar saman og hev uppi ein liten rund boks).
  • Naudproviant (kjeks).
  • Drikkevatn.

Um du skal yver ein fjellyvergang i dårleg vêr...

  • Full tank.
  • Soveposar til alle.
  • Talgljos (gjerne kubbeljos inni minilanterne) pluss fyrstikker. (Hugs at skumplasten i seti er ekstremt brennbar!)
  • Rikeleg med mat og drikke.
  • Kjøkenrull.
  • Våtserviettar.
  • Toalettpapir.


Kost Kost Ein slik dings som du vaskar vindauge med er fin til å yta kramsnø av bilen, spesielt på breaken. Riv evt. vekk skumplastdelen og set nedi ei plastplate slik som her.
(Men um du hev veldig fin lakk, bør du vel kanskje halda deg til ein kost med langt skaft.)


Dersom du sit og hutrar og skjelv medan du køyrer, er du ein dårleg sjåfør. Og dersom frontruta byrjar å dogga/isa blir du livsfarleg!
Bruk kupévarmar!


Uppstart

Bruk motorvarmar og kupévarmar, gjerne i kombinasjon med batteriladar (må vera av den typen som koplar ut automatisk når batteriet er fullada).

Fjern all snøen frå bilen fyrr du køyrer. Ogso på taket, for um du fær ein bråbrems kann alt saman hamna frampå frontruta, slik at sikten blir til inkje.

Skrap is av alle ruter og fjern evt. dogg.

Skrap is av framlyktene.

Hav på deg tilstrekkeleg med kle, slik at du ikkje blir sitjande og frysa, um du startar upp i kald bil.

Det er viktug å vera vinterkledd, sjølv um du startar i gloheit bil. Tenk deg fylgjande: Du køyrer av vegen, og blir sitjande fastklemt med knuste ruter. Då vilde det ikkje vera særleg kjekt å sitja der i berre skjorta. Hav gjerne ogso nokre pledd liggjande i baksetet slik at du kann få tak i dei, um du skulle hamna i ein slik situasjon.
NB! Pass på å festa beltet langt ned på magen, trekk det under ytterplagg og stramm godt.



Snø

Motorvarmar

Svettlapp

Um du skal upp ein bratt bakke og byrjar spinna

ALDRI lat nokon setja seg på panseret (det blir bulkar!) for at det skal bli meir vekt på framhjulerne! Må heller ikkje stå på støytfangaren: festi kann vera so sundrusta at dette blir dropen!

Prøv eit høgare gear, prøv å spinna deg upp, rygg ned att og tak tilfart, set på kjettingar, sprut på dekklister, prøv å rygga upp, stopp og vent litt slik at dekki kjølnar. (Helder vent til det blir sumar;)


Um du køyrer deg i gryfti

Slepp CX'en heilt ned, slik at snøen under blir klemt flat. Heis han so heilt upp i yvste stilling, legg rattet heilt yver, og spinn/gyng deg upp på vegen att. (Sjå upp for annan trafikk!)


Køyring på djup snø

Hav CX'en i normalhøgd, slik at han brøyter. Gjeng ikkje det, kann du prøva å heva han til terrengstilling.


Frosne låsar

  • Hald ein plastpose med heitt vatn innåt låsen.
  • Hald ein handvarmar innåt låsen.
  • Varm nykkelen på ei flamme.
  • Bruk hårturkar/varmluftpistol.
  • Varm låsen med ei hand eller ein annan kroppsdel (du kann setja baken burti og sjå ut som du stend og studerer vêret;).



Hotspot Warmmate
Hot Spot, handvarmar for eingongsbruk, og WarmMate, som kann brukast upp att.

Andre køyretøy

Det er ikkje so lett å gardera seg mot kvat andre kann finna på, men føl godt med og hald god avstand.


Hald deg på god avstand frå tunge køyretøy, spesielt um du er til fots. Kjem du t.d. millom autovernet og eit vogntog som hev stoppa med varme dekk, vil du bli klemt VELDIG flat når vogntoget glir inn i autovernet.



Opp

© www.leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional