Attende
Diverse
Vask
Attende

Vask bilen ofte. Ventar du for lenge millom kvar gong, blir det mykje tyngre å taka att, spesielt på nedre del av dørene.


• Bilen må ikkje standa i soli når du vaskar.


Vanleg vask                                                                                          


  • Spyl bilen med kaldt vatn.
  • Fyll opp tvo bytter med lunke vatn og hav uppi litt bilshampo i den eine (bytta med vatn er til å skola av vaskehansken/kosten).
  • Vask med vaskehanske eller kost (ikkje svamp).
  • Spyl med kaldt vatn.
  • Turk vekk vassrestane med ein stor microfiberklut.                                           

Car Wash


Storvask                                                                                          


  • Sprut på avfeitting og vent litt.
  • Spyl godt med kaldt vatn.
  • Spyl hjulhusi (bruk oppvaskkost forsiktig til å løysa fastgrodd grus og grums) og undersida av bilen med kaldt vatn (IKKJE bruk høgtrykksspylar).
  • Fyll upp tvo bytter med lunke vatn og hav uppi uppvaskmiddel i den eine.
  • Vask grundig med vaskehanske eller kost (ikkje svamp).
  • Spyl godt med kaldt vatn.
  • Vask inni døropningane.
  • Turk vekk vassrestane med ein stor microfiberklut.
  • Vent til alt er turt.
  • Hav på silikon på alle gummi- og plastdetaljar (viktig at dette blir gjort fyrr poleringi).
  • Poler lakken (ogso inni døropningane).
  • Hav på lakkforseglar.


• Dersom du ikkje polerer med ein gong etter bruk av avfeitting og uppvaskmiddel, vil lakken kunna taka skade.

• Spyling av hjulhusi og under bilen er mest effektivt etter ein lang køyretur i ausande regnevêr.


Motorvask                                                                                          


  • Motoren må vera kald eller lunken, ikkje varm.
  • Dekk dynamoen, luftinntaket til motoren og eventuell fordelar med plast.
  • Sprut på avfeitting og vent litt.
  • Bruk div. kostar (uppvaskkost, radiatorkost, tannkost etc.) duppa i avfeittingsvæske og gå laus på alle krikar og krokar (VERNEBRILLER).
  • Spyl med kaldt vatn (IKKJE høgtrykksspylar). Ikkje feng vatn uppi hydraulikktanken og ikkje feng for mykje vatn yvst på torpedoveggen.
  • Turk vekk vassrestane med ein klut og vent til alt er turt.
  • Hav silikon på alle plast- og gummidetaljar.
  • Hav syrefritt feitt/kontaktspray på elektriske kontaktar.
  • Poler lakkyverflatene.
NB! Hugs å fjerna plasten! (Dynamo, luftinntak etc.)


• Dersom du høyrer det kokar/syder/boblar etter du er ferdig med å spyla, kann der vera fordi det hev kome vatn inn i eit relé.
Lokaliser reléet, drag utor leidningane, og monter nytt (hugs Vaselin el.l. på kontaktane).

• Dersom du vel å bruka bilshampo, såpe el.l. må du IKKJE fenga det på eller i nærleiken av drivreimene. Dei vil byrja å slura noko forferdeleg.




Opp

© www.leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional