Attende
Diverse
Sikker i CX
Attende


Det som stend med grøn skrift lenger nedyver på sida her er henta frå
CITROËN CX TECHNICAL DESCRIPTION
RELATIONS PUBLIQUES CITROËN


Til å vera sopass upp i åri, er CX'en ein ganske sikker bil. Dels grunna av sine glimrande kjøyreegenskapar, lynraske og presise styring, og særdeles effektive bremser. Dernest på grunn av vekt og lengde, og at han er bygd på råme.

Men i tillegg til dette er det ting du kann gjera sjølv for å fenga ein enno sikrare køyretur. Fyrst og fremst må du avpassa farten etter køyretilhøvi, og sjå på alle medtrafikantar som store idiotar som kann finna på dei mest utrulege ting. (Men vera høfleg, og handsama deim meget pent likevel;)


Vedlikehald                                                                        

Hald CX'en i god stand. Og bruk gode dekk, dei er det einaste på bilen som hev kontakt med vegbana. Bruk piggdekk um vinteren.

Kontroller frambremsene ofte.

Dashboard                                                                        

Spar knærne CX: Ved å fjerna alle dei harde metalldelene under dashboardet, vil forhåpentlegvis knei få det betre i ein eventuell kollisjon. Lim på mange lag med lydisolasjon, og avslutt med svarte eller koksgrå tekstilgolvmatter (t.d. frå Classic Parts). Um du ogso vel å flytta tenningslåsen til midtkonsollen slik som her, må det som blir att rundt rattstammen polstrast MEGET godt.

The glove compartment is designed for knee-cap safety. Its thin sheet-steel structure acts as a damper, thus reducing stress on the thigh-bones. (Dette trur me vel berre slik passeleg på. Og kneskålene vil sannsynlegvis treffa på sidene av hanskerommet, og der er det ingen ting som gjev etter.)

Du kann ogso fjerna hylla yver rattet, ho hev sylskarp kant som det ikkje ville vera nokon stas å smella andlite nedi.

Nøkkelknippe Kva skjer med vinstre kne i ein kollisjon um du hev hangande eit svært nykkelknippe her?

Nøkkel Betre slik.

Sikringsbelte


• Kanskje på tide med nye belter snart?

• Kolliderer du i 50 km/t og tullingen i baksetet ikkje hev belte på seg (ja, han er ein tulling um han ikkje hev belte på seg), fær du minst fem-seks tonn i ryggen. Det yverlever verken du eller honom.

A L L T I D

bruk belte (det hev du god tid til å taka på deg medan CX'en hevar seg), og stramm det godt langt ned på magen (VIKTUG!). Og pass på at

A L L E

passasjerane hev festa belti FYRR du set bilen i bevegelse, for...



...det blir so forferdeleg

G R I S E T E

inni bilen um du kolliderer og nokon ikkje hev belte på seg...

Sete
Nakkestytte
                                                                       

Hav setet sopass langt framme at du ikkje kann få strake føter ved kraftig uppbremsing. Då vil knei fungera som dei er tenkt (forhåpentlegvis ogso ETTER ein eventuell kollisjon). Hovudet bør vera minimum 36cm frå framkanten av taket.

The forward seats were medically designed in shape and composition so as to ensure optimal physiological comfort and to keep the base of the body (pelvis) of the occupant or occupants, retained by their safety belts, in position, avoiding the «submarining» effect in case of impact.

Hugs å justera nakkestytta korrekt (ikkje for lågt).

Du kann forbedra nakkestyttene, sjå her.

Bagasje                                                                        

Ikkje lat lause gjenstandar flyta rundt i bilen, og spesielt ikkje på hattehylla. Ved bråstogg kann det bli som å fenga ei SLEGGE i bakhovudet.

I bagasjerommet på berlinen ligg ting bra trygt, men legg tunge gjenstandar heilt framtil bakseteryggen, og sikra deim gjerne ogso med reimar.
A protective sheet of steel in the boot, fixed to the rear shelf, prevents objects from shooting forward into the cabin in case of impact.

I bagasjerommet på breaken MÅ alle gjenstandar sikrast med nett og reimar. Det er fire fester for reimar, med nedslege baksete seks (hugs å fella upp verneplatene!).

Sjølv lette og uskuldige gjenstandar vil bli veldig tunge ved kollisjon i 50 km/t. Ei tom halvliters plastbrusflaske blir nesten ti kilo, er ho full blir ho nesten femti kilo!

Ekstra bremseljos                                                                        

Monter ekstra bremseljos (med diodar). Ikkje berre blir det tydelegare at du brukar bremsene; det ekstra bremseljoset vil ogso reagera snøggare. Diodar lyser nemleg upp øyeblikkeleg, medan glødelampar er trege.

Rust

Flatbrød Dumt spursmål:
Vilde du likt å kollidera i ein bil laga av flatbrød?

I tilfelle kollisjon vil rusta delar kollapsa, det er difor svært viktug å halda bilen mest mogeleg rustfri. Spesielt gjeld dette dørstokkane. Og hev du sideskjørt på bilen, kann du vera garantert at det er fullt av rusthol under desse. So av med sideskjørti og ut med interiøret, og finn fram sveiseapparatet.
Kraftige dørstokkar er ogso svært viktug i tilfelle du blir påkøyrd frå sida.

The body side members comprise a web of thick sheet steel. Over and above the flexional rigidity it provides, it acts as a stabilizing factor for the whole on impact. These members continue towards the rear, thus providing extra protection for the rear-axle subframe.

Tak ogso med det same og kontroller a-stolpane og golvet framfyr framseti.

The body base is made up of a single pressed-steel part with intermediate cross-members providing strong restraint for the under part of the cabin.

Dørterskel

Dørterskel Bileti er lånt frå ein ADAC kollisjonstest (ikkje av CX), for å visa kor viktug det er med kraftige dørstokkar.

Kollisjon

Støytfangar Biletet er lånt frå FIFTH GEAR for å visa kor viktug det er med kraftige støytfangar. Bilen på biletet er ein liten bil (Renault Modus) som hev kollidert med ein stor bil (Volvo 940). Volvoen gjekk det verre med.

Kanskje lurt å forsterka støytfangaren?
I tilfelle kollisjon vil kreftene bli fordelt meir ut yver heile fronten av bilen.

Deformasjonssoner
Teikningen er lånt frå delelista til Citroën CX


Dei raude områdi bør vera so kraftige som råd. Dei gråe felti er deformasjonssoner.
I kupeen bør alt vera mjukt og gjeva etter um du støyter burti, medan skalet rundt (torpedoveggen, dørene, dørstokkane, golvet, taket etc.) må vera so sterkt som råd.

Vatn                                                                        

Um du køyrer av vegen og havnar på fjorden er det berre ein ting som gjeld: Kom deg ut so fort som råd! Etter at bilen er heilt under fær du ikkje upp dørene fyrr han hev sokke ned på botnen. Dette skuldast at det utvendige trykket aukar heile tidi medan bilen søkk. Det hjelper ikkje um kupeen er heilt fylt med vatn: dørene går ikkje an å fenga upp fyrr bilen hev lagt seg til ro. Og er det djupt kann dette bli alt for lenge. Dersom bilen er kome heilt under vatn er det einaste du kann gjera å opna eller knusa ei siderute so fort som råd.

Hav ein naudhammar plassert slik at du kann finna honom i blinde. Bruk hammaren til å knusa ei siderute. Han kann ogso brukast til å skjera av sikringsbelti um du ikkje fær løyst deim på vanleg måte.



Chinese car crash test failure
Vw Bus Crash Test
What about that VW t3 crash test?



Opp

© www.leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional