Attende
Diverse
CX • CX serie 2
Attende

Ved yvergangen til CX serie 2 skulde me vel tru at me no fekk ein bedre bil, men nei. Han vart vel sjåande meir moderande ut, men ogso meir almindeleg.

Utvendigt erstatta dei stålstøytfangarane med plaststøytfangarar, som ikkje heldt seg fine særleg lenge. Og dei sette på simple plastskjørt på sidene, i staden for metallskjørti som var på enkelte CX-modellar. Lyktene vart av skrøpeleg plast.

Innvendigt bytte dei rundt på alle brytarane (som no vart knudrite) på instrumentkonsollen, slik at dei fekk ein (dårlegare) plassering som samsvarte meir med vanlege bilar. Og dei sette inn vanlege runde instrument. Varme- og ventilasjonshendlane, høgdereguleringen og radioen vart ogso stokka um frå perfekt til mindre heldig plassering. Attpåtil vart høgdereguleringen gjort elektrisk, og dermed lite driftssikker. Lite driftssikker vart ogso reguleringen av varme millom golv og tak. Og no vart han kun upp eller kun ned. Seti gjekk frå å vera mjuke og behagelege, til å bli nokso harde. Rattet vart noko tjukkare (greidt nok, so lenge du ikkje skal hava på rattrekk). Dei nye dørsidene fekk mykje dårlegare lydisolerande effekt. Og for at ikkje alt dette skulde vera nok, so kom det no ogso falske trepanel og falske saumar.

CX TRD Break -85
CX serie 2 TRD Break -86
Brytarar                                                
Ljos: Tvostegs brytar under høgre side. Ljoshorn: Høgre side. Nær/fjern: Uppå høgre side (fungerer glimrande).
Vindaugsviskar: Under vinstre side. Spyling/intervall i same brytar.
Horn: Vinstre side. [På CX serie 2 sit her nær/fjern, so når du hev gått frå CX serie 2 til CX, vil møtande trafikk fyrst få seg ein bært, og deretter blir det blenda ned...]
Alarm: Under vinstre side. (Stikk sopass langt ned at det av og til går hardt ut yver venstre tommelfingernegl når ein skal setja nykkelen i tenningslåsen.) [Men tenningslåsen hev ein naturlegvis flytta til midtkonsollen;]
Vindaugsheis: Framme: På midtkonsollen. Litt trong plassering pga den svære pylsa rundt gearstongi. Bak: Som på CX serie 2: bak på midtkonsollen.
Ljos: Tvostegs brytar under vinstre side. Ljoshorn + nær/fjern: vinstre side (fungerer berre slik passeleg – du blir fort sliten i fingrane).
Vindaugsviskar: Under høgre side. Spyling/intervall: uppå høgre side.
Horn: høgre side.
Alarm: på høgre side, nedanfyr intrumentkonsollen.
Vindaugsheis: Framme: For begge sider nede på førardøri. For høgre side nede på passasjerdøri. Bak: Som på CX: bak på midtkonsollen.
Deksel over bakhjul                                                
Deksel av metall. Dei er festa med ein tapp bak, ein styretapp som gjeng rett upp, og ein bolt i framkant som gjeng inn i ein påsveist muttar. Boltane til Break er lenger enn dei til Berline.
Deksel av plast. Dei er festa med ein tapp bak, ein styretapp som gjeng rett upp, og ein bolt i framkant som gjeng inn i eit hol i dekselet. Boltane til Break er lenger enn dei til Berline.
Dørpanel                                                
Solide heildekkande plastpanel. God lydisolasjon. Hev ein tendens til å sprikka når dei blir gamle (men då er det jo berre å kle deim med skinn;).
Dels plast, dels stoff, i fleire bitar. Samt litt kunstigt tre. Dårleg lydisolasjon.
Hjul                                                
190/65 HR 390 T                                                
195/70 R 14 91H                                                
Høgderegulering                                                
Spake millom framseti. Mekanisk, meget påliteleg.                                                
Ein fiklete liten brytar framfyr gearstongi: elektrisk, dårleg driftssikkerheit.
Instrumentpanel                                                
Sokalla badevikt, med bakbelysning. Meget bra.                                  
Med runde klokker, av den typen du finn på vanlege bilar. Meget pent tillaga, men kjedeleg. Yversikt yver bilen der du ser um dørene, panseret og bakloket er ope, samt om handbremsi stend på.
Lykter                                                
Skikkelege metallreflektorar. Solide og pålitelege. Stikk langt inn i motorrommet.
Med ekstra langlys. Plastlykter, yvre feste ryk lett, og sameleis pærefestet for ekstralyset. Skikkeleg plastskrammel.
Midtkonsoll                                                
Varme/ventilasjonsregulering (med termostat) i form av tri spakar attmed handbremsi. Fungerer glimrande.
Meget bra plassering av radioen i framkant. Stygg klump av eit (heilt unødvendigt!) oskebeger yver denne.
Pen konsoll. Varme/ventilasjonsregulering (med termostat) i form av tri hjul i framkant av konsollen. Du må strekkja deg etter deim, og bruka augene for å sjå korleis du stiller deim, dårleg løysing.
Radioen er plassert attmed handbremsi. Trafikkfarleg, og lett å få søl og rusk uppi.
Motorrom                                                
Lyktespylartank: Pose inni høgre framskjerm, motor ved vindaugsspylartanken.
Lyktespylartank: Bak vindaugsspylartanken, tett mot torpedoveggen.
Seter framme                                
Mjuke og behagelege.                                                
Bra, men harde. God sidestytte.                                                
Speglar ute                                                
Plast. Kann regulerast innanfrå, mekanisk. Ikkje uppvarma.
Plast. Meget bra synsfelt. Kann regulerast innanfrå, elektrisk. Uppvarma. Byrjar pipa intenst når du kjem yver 80–90.
Utvendigt                                                
Antenne: Blank.
Sidelister: Svarte lister med smal blank stripe.
Sideskjørt: Ingen.
Støytfangarar: Metall. Påsett kraftige gummilister.
                                               
Antenne: Svart.
Sidelister: Svarte lister.
Sideskjørt: Plastskjørt. (Rustfelle.)
Støytfangarar: Plast. Avsett plass til ekstraljos nede.
                                               



Opp

© www.leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional