Attende
Diverse
Parkering
Attende

SJØLV OM CX'en er lang, er han utruleg lett å parkera.

Fordi: han er veldig lett på rattet, og du treng berre vrida litt yver ein umdreining for å leggja hjulene heilt yver.  Og: når du slepper rattet, gjeng han beint framyver/bakyver.


Når du hev parkert CX'en vil alltid framhjulene peika rett framyver.  So vakkert at :)

Men skal du parkera i ein bratt bakke kann det kanskje vera lurt å vrida hjulene inn mot kanten.  I sofall: legg rattet heilt yver, og hald det der medan du sløkker motoren og tek ut nykkelen.  Lat so rattet glida forsiktig attende til rattlåsen sler inn.

Når du set på tenningen att, er det viktug å vrida/lirka litt på rattet slik at du ikkje bryt av nykkelen.


Hav alltid i bakhovudet at bilen sig ned når han stend parkert.  Pass difor på at det ikkje er noko på bakken under bilen som kann taka uppi.  Og ikkje parker med front eller bakende inn yver høge fortògskantar.

Hev du dyr i nabolaget som likar å leggja seg til å sova under bilar, kann det kanskje vera lurt å sleppa CX'en ned når du parkerer.  Men hugs å stilla attende til normalhøgd etter at du hev teke ut nykkelen.




Opp

© www.leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional