Attende
Diverse
Lydisolering
Attende

LYDISOLERING kann utførast på mange måtar.

Du kann t.d. leggja vanleg veggtilveggteppe (av ull) uppå eksisterande golvteppe (ikkje under pedalane). Dette isolerer meget bra, både mot lyd og varme/kjøld. Men tak upp teppet av og til, og kontroller at det ikkje blir fuktigt under.

Elles kann du stua inn lyddempingsmatter på alle tenkelege og utenkelege plassar. Berre pass på at dei ikkje samlar fukt og fører til auka rustproblem, eller at det uppstår brandfare.
Slike matter består vanlegvis av eit sjølvlimande lydisoleringsmateriale med aluminiumsfolie på utsida. Mattene må limast saman i skøytane med aluminiumslimband.
Vil du laga deg lyddempingsmatter sjølv, kann du bruka tri-fire lag gamalt ullteppe med vanleg aluminiumsfolie (utan papir) millom kvart lag. Sy saman langsetter kantane.

Alle bråkete metallflater må dempast med asfaltplater. Kakk med knokane: seier det boing-boing betyr det at lyd gjeng rett gjennum. Lim på sopass mykje asfalt at det seier knakk-knakk.

Greider du å fenga til ein verkeleg bra isoleringsjobb, vil du på fyrste køyreturane etterpå bli sitjande med ein følelse av at du hev fenge nedsett høyrsel, eller fenge dott i øyrene!



Vindsus                                           


Kontroller at alle dørpakningane er heile og set deim inn med silikon.

Um det byrjar bli slitasje på vindaugshevingsmekanismene kann sideglasi gå upp litt for langt fram. Då må du til dess du fær ordna dette gjera fylgjande når du tek upp rutene: Med opi dør: tak ruta nesten heilt upp, tak deretter handi yver dørråma og drag ruta hardt bakyver medan du køyrer ruta heilt upp.

Listi i bakkant av glaset i dørene hev det med å glida ned. Då blir det eit hol uppi hjørna (pil).

  • Tak ned glaset.
  • Drag listi utor med ei tong.
  • Reingjer og kontroller for rust.
  • Klemm listi på plass att heilt upp i hjørna. Fest henne evt. med dubbelsidigt limband.


Glipe

Plystrelydar                                           


Kraftige plystre/pipelydar når du kjem upp i fart kann vera forferdeleg irriterande. Det skuldast bittesmå hol i fronten av kupeen, vanlegvis der slangane til varmeapparatet gjeng gjennum torpedoveggen, eller gjennum plateskøytar uppe på kvar side av frontruta.

Det kann vera svært vanskeleg å finna ut kvar lyden kjem frå, det beste er å hava med ein passasjer som lyer gjenom ei lang papprøyr el.l.


Plateskøyt Plateskøyt Når du skal skifta frontruta: Yvst på kvar side er det ein plateskøyt som du bør fylla med sparkel, slik at du ikkje feng plystrelydar på eit seinare tidspunkt.


Motorrom                                           


Smyr gummilisti som gjeng rundt bakkanten av motorrommet, samt den som gjeng rundt friskluftinntaket med silikon.

Kontroller at motorfesti er i orden.

Kontroller at eksosanlegget er heilt og at det ikkje kann slå burti nokon stad.

Kontroller at det ikkje ligg noko uppi reservehjuli som kann laga bråk.

Dersom det ikkje er støydempingsmatte under panseret, kann du montera ei. Du kann enten klyppa ut bitar og lima fast, eller fenga tak i ei original frå diesel-CX eller Prestige. (Du må kanskje tilpassa matta litt yver motoren.)


Innvendig                                           


Tett att alle rustholi.

Lim på asfaltplater på bråkete metallyverflater (bank på deim med knokane). Lim deretter på lydisoleringsplater.

Kontroller alle dørsider. Metallstengene inni kann laga klirrelydar um skumplasten er dårleg.

Kontroller at alle knappane på nakkestyttene er knappa att.


Utvendig                                           


Hjulhusi bak

  • Tak av bakhjulene og skrap vekk rust og tett evt. hol.
  • Lat hjulhusi turka godt og lenge.
  • Smyr på rikeleg med Owatrol og lat det turka.
  • Smyr på oljebasert lakk (bengalakk/emaljelakk) iblanda 20% Owatrol og lat det turka.
  • Smyr på tvo lag med tjukk understellsmasse.

Dekk

  • Bruk stillegåande dekk.


Lydisolering Innvendigt kann du lima på støydempingsmatter på hjulhusi.




Opp

© www.leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional