Attende
Diverse
Lenker
Attende

IKKJE TAK alt du les på websider for god fisk. Det kann vera direkte feil, eller det gjeld ikkje din modell. Og same modell kann vera ulik frå land til land. T.d. hydraulikken på australske CX'ar: den er lagd upp på ein heilt annan måte enn på europeiske bilar.
Det kann ogso finnast feil på leirdal.info, i sofall kann du skriva um det i gjesteboki.


Butikkar
NOREG Classic Parts
Mekonomen SVERIGE Nettodelar NEDERLAND Citronpieces
Hydraulique STORBRITANNIA Buy-Parts-By GSF CAR PARTS QUAIFE TYSKLAND  CX-BASIS AUSTERRIKE Citparts USA  Western Hemispheres

Diverse Citroën Citroënët
Citroen-Andre
citroen-cx.info
CITROËNGALLERY
Citroenservice-us
CitroenTechTips
Citroën WORLD
CitroMuseum
Citrothello
Citrotreff
Classic-Citroën-Tech
(s.manualar og deleliste)
CX-Arkivet
CX-CLUB
CX-MAFIA
CX PASSION
Passion Citroën
Wikipedia


Diverse bil Carbibles
Cité de l'Automobile
Hejbilist


Gratisprogram • Lag dine eigne websider frå grunnen av:
Arachnophilia
CoffeeCup
• Antivirus:
Avast
• Lær språk:
Byki
• 2 GB gratis backup på nettet, samt felleslagring på fleire PCar:
Dropbox
• Biletalbum og framsyning:
Picasa



Eg hev ikkje noko som helst samarbeid med verken Automobiles Citroën eller nokon av dei andre aktørane som er med på denne sida. Eg framhevar enkelte produkt kun av di eg eller andre hev god erfaring med desse.

Owatrol ® Som t.d. Owatrol®, som ser ut til å fungera meget bra på rust, ved at oljen smett inn i dei trongaste porer, og dermed hindrar at det kjem til oksygen. I tillegg styrknar oljen som blir liggjande att på yverflata til eit steinhardt belegg. Eg hev sølt Owatrol på lakkerte flater nokre gonger, og etter at oljen er turr, er han nesten håplaus å fenga vekk. Og det er jo bra! (Men det er viktug å bruka frisk olje rett frå kanna, er han tømt yver i ein annan behaldar hev han byrja tjukna.)
Viktug: Owatrol olje må ikkje brukast til smyrjing!

Pro-Long ® Når det gjeld tilsetningar til motorolje (lurium:), er eg stort sett svært skeptisk til desse, og trur at dei berre gjer skade. Men iallfall eitt unnatak kan finnast: Pro-Long®.
Dette produkte hev eg brukt i oljen i mangfoldige år, og hev ingen negative erfaringar. Tvert um: for ein del år sidan kom eg i skade for å starta ein diesel som var tom for olje! Bilen gjekk i 30-40 sekundar, og det skjedde tilsynelatande ingen skade. Motoren gjekk like bra etterpå. Hadde han kanskje gjort um tilsetningsstoffet ikkje hadde vore i bruk og, men det ser i allfall ikkje ut til å vera skadeleg, so langt eg kann sjå.
Måten Pro-Long skal fungera på, er at han legg eit superglatt og slitesterkt belegg på metallyverflatene i motoren. Mesteparten av slitasjen i ein motor skjer jo dei fyrste sekundane etter start, fyrr oljen hev byrja sirkulera skikkeleg.
Optima ®
OPTIMA® batteri hev eg ogso havt meget god erfaring med i svært mange år. Fungerer like godt vinter som sumar, er lite, fullstendigt vedlikehaldsfritt, og kann om ynskjeleg monterast liggande. Det er rettnok dyrt, men har minst dubbelt so lang levetid som andre batteri (det som er i bilen no hev eg snart brukt i 20 år).
Mobil 1 ®
Mobil 1 5W-50 motorolje er kjend for kanskje å vera verdens beste motorolje.
Brukar du den oljen skulde du iallfall vera på sikre sida. Kvaliteten på oljen har alt å seia for kor lenge motoren skal vara, og kor godt han skal fungera. Hald deg iallfall langt vekke frå billege/dårlege motoroljar - det nyttar lite om innpakningen ser flott ut og lovar gull og grøne skogar, um innhaldet er ubrukeleg. Det er viktug at oljen tek med seg alle ureinheiter og hindrar all friksjon i motoren, og at han beheld desse eigenskapane lenge.
Held du til i ekstremt kalde strøk kann du bruka Mobil 1 0W-40.
Radiator Stop Leak
Martins Super Sealer blir anbefalt av mange, og skal kunna tetta nesten kva som helst av lekkasjar i kjølesystemet. Skal ogso kunna brukast i gearkassar, for å gje mjukare gearskift. (Men når det gjeld gearkassar skal du generelt vera svært forsiktig med kva du hev uppi, det kann gå gale med synkroniseringsringane.)

Eit anna produkt eg kann anbefala på det varmaste, er Citroën CX;)




Opp

© www.leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional