Skal du lagra ein CX er det best um han fær standa innandørs i eit turt lokale.
Skal bilen lagrast ute bør han standa på ein presenning. Legg noko under midten av presenningen
slik at han blir lågast på kantane. Då vil han ikkje samla vatn. Set ein fuktsamlar inni bilen,
og gjerne ogso ein muggdrepar.
Heis CX'en upp i yverste stilling og set honom på bukkar, eller legg solide treklossar under jekkfesti.
Treklossane bør vera utforma som føtene på gamle stabbur,
slik at mysene ikkje greier å klatra upp.
Stapp ein klut gjennomtrekt av olje inn i luftinntaket til motoren, og sameleis ein inn i enden av eksosrøyri.
(Desse må naturlegvis fjernast når du med jamne millomrom startar bilen og let honom gå til viftene sler inn.)
Pass på at du ikkje fær maur og anna elendigheit i bilen.
Drivstofftanken må vera heilt full. Dette er spesielt vigtig um du hev dieselmotor (og det må vera vinterdiesel um bilen skal lagrast kaldt).
|