Attende
Diverse
Automobiles Citroën
Attende

Automobiles Citroën — 1 2 3 4 5 6








André Citroën

— før bilproduksjonen




1878

Paris: Lévie Citroën frå Nederland og Macha Kleinan frå Polen får sonen André Gustave Citroën. Han veks opp i ei familiebedrift som handlar med diamantar, og har det ganske romsleg, økonomisk sett.



1902

Citroën startar saman med to skulekameratar fabrikasjon av spesielle tannhjul. Han kjøpte patente i Polen ein gong han var på besøk hjå systeri der. Firmaet får seinare (i 1912) namnet Société Anonyme des Engrenages Citroën, og gjer det godt, med sal til tungindustri yver heile Europa.
Citroën-emblemet består av tvo tenner frå eit slikt tannhjul.



1906

Dette året vert Citroën konsulent på bilfabrikken Mors. Seinare (i 1908) blir han styreformann og greier i løpet av ein tiårsperiode å få til ein betydeleg auke av produksjonen. Men det blir aldri som i fabrikken sine glansdagar.



1913

Citroën besøker Ford-fabrikken i Dearborn.



1914

To månader før krigen gifter Citroën seg med Georgina Bingen.
Fyrste verdskrig bryt ut, og Citroën byggjer ein bombefabrikk som produserer like mange granater som alle dei andre bombefabrikkane i Paris til saman.








KJELDER • Citroen.com—History • Jon Pressnell: Citroën DS • Brighton-early.com—Mors



Opp

© www.leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional