Attende
Diverse
Hjul på ville vegar
Attende


Hjul på ville vegar

Blumster

--DET VAR VEL rundt 1996: eg gjekk i tankar um å skifta ut Pallasen med ein break. Gear- kassen i Pallasen var byrja laga eit fæla spetakkel, og eg hadde hug på meir plass. For barne- vogni var tungvindt å fenga inni, ho måtte fyrst klappast flat, og so måtte hjulene av. Og det vart ogso mykje anna pikkpakk å draga på når ein hadde småe.


--
Prøveturen

--Ein lokal forhandlar hadde ein 86-modell ståande, og jonsok- afta skulde me prøvekøyra. Me trilla barnevogni rett inni, og la avgarde heile familien. Men det var ikkje lenge fyrr me tykte det vart ein merkeleg vibrasjon i bilen. Og so, i det me køyrde forbi ein treg bubil i ein slakk og yversikteleg høgresving, fekk me sjå ei hjul fara sprettande langt burtetter ei slåttemark. Bilen vart brått svært låg på vinstre sida framme, og det kom ein fælsleg gneistasprut. I staden for å bremsa ned, valde eg å fortsetja, og svinga meg inn på ein sideveg til vinstre litt lenger framme. Då hadde CX'en sakka farten so mykje at han stoppa av seg sjølv.
--Ut for å inspisera, og heilt korrekt; inkje framhjul, men derimot ei heilt nedslipt bremseskive! (Ho hadde gjort jobben, nemleg bremsa ned farten…;)



--Rett etterpå kom det ein i full fart fyr å hjelpa til. Han hadde sét det heile frå verandaen sin, og hadde nok fenge etter- middagskaffien i vrangstrupa. I bilen hadde han tvo låge jekkar, og med hjelp av deim fekk me heist upp CX'en. Me fann rikeleg med hjulboltar uppi reserve- hjuli, og fekk framhjuli på plass att.
--Medan me dreiv på, kom bubilen tuslande attende. Han keik fælt, og so køyrde han att.
--Me takka hjelpesmannen so mykje, og so bar det i sakte fart attende til forhandlaren. Der vart det til å lessa barnevogn og diverse pikkpakk attende i Pallasen (som no virka ekstra trong), og gjeva seg avgarde til jonsokfeiring att.

--
Kvifor losna hjuli?

--På vårparten hadde for- handlaren skifta til sumardekk, men ikkje funne hjulboltane til desse (lettmetallfelgar), og sett i dei alt for korte boltane som stod i stålfelgane. I tillegg mangla det tvo boltar, so dei hadde sett i berre fire i kvar framhjul. Måtte jo gå gale. I ein vanleg bil vilde ein kjent vibrasjonane i rattet, men det gjer ein jo ikkje på ein CX! :)
--Eg kjøpte breaken, og var godt nøgd med den (sjølv um det var serie tvo;). Men i byrjingi måtte eg stendig ut for å kontrollera at hjulboltane sat fast (for kona tykte rett som det var at eitt eller anna byrja vibrera…;).



* * *



Opp

© www.leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional