CX FAMILIALE

Break med 7–8 sitjeplassar (er typegodkjent for 8). Bakarst nedfellbart sete med plass til tvo–tri (trongt for tri vaksne). Ikkje delbar rygg, og ikkje nakkestytter. Midtrekkja består av tri små separate seter utan nakkestytter. Ryggane på begge ytterseti kan vippast fram.

Bakarst gjeng det ogso an å pressa inn eit baksete frå BX: då fær du midtarmlene og delbar rygg. Passa på å festa setet forsvarleg.