Attende
Bremser
Lufting
Riksmål English


Frå 9/1976


• For å lufta bremsene etter alle kunstens reglar kann det vera greidt å vera tri stykkjer. Men det gjeng ogso heilt greidt å gjera det åleine um du vil gjera det enkelt (låsa bremsepedalen med ein pinne og lufta).

• Luftenippelane kann sitja ganske godt fast, og det er fort gjort å glippa og skada deim um du brukar fastnykkjel el.l. Bruk i staden ei wisegrip-tong og vrid forsiktigt for å løysa. Deretter kann du bruka fastnykkjel.


Framme

  1. Jekk upp fronten på bilen og set honom på bukkar.
  2. Løys lufteskruen.
  3. Tak av framhjulene.
  4. Set gjennumsiktige slangar på luftenippelane. Tak enden på slangane upp i ein rein behaldar.
  5. Hald bremsepedalen nede og løys luftenippelane.
  6. Start motoren og pass på heile tida å halda fullt trykk på bremsepedalen.
  7. Steng lufteskruen og luft til det kjem ut rein LHM utan luftboblar.
  8. Steng luftenippelane og slepp deretter bremsepedalen.
  9. Fjern slangane frå luftenippelane og trykk bremsepedalen heilt ned. Kontroller at luftenippelane ikkje lek.
  10. Slå av motoren.
  11. Set hetter på luftenippelane (viktigt!).


Bak

  1. Set hødereguleringen på lågaste stillingen.
  2. Løys lufteskruen.
  3. Vent til bilen hev sege heilt ned.
  4. Jekk upp bakenden på bilen og set honom på bukkar.
  5. Tak av bakhjulene.
  6. Set hødereguleringen på høgaste stillingen.
  7. Set gjennumsiktige slangar på luftenippelane. Tak enden på slangane upp i ein reine behaldar.
  8. Løys luftenippelane og trykk bremsepedalen heilt ned.
  9. Steng lufteskruen.
  10. Start motoren og pass på heile tida å halda fullt trykk på bremsepedalen.
  11. Luft til det kjem ut rein LHM utan luftboblar.
  12. Steng luftenippelane og slepp deretter bremsepedalen.
  13. Fjern slangane frå luftenippelane og trykk bremsepedalen heilt ned. Kontroller at luftenippelane ikkje lek.
  14. Slå av motoren.
  15. Set hetter på luftenippelane (viktig!).



Lufting
Ver forsiktig med luftenippelane, dei er fort å knekkja av.

Hetter
Set hetter på luftenippelane.


Alternativ                            


Det gjeng ogso an å lufta på ein annan måte:

Kopl fire lange gjennumsiktige slangar på luftenippelane og før desse til LHM-behaldaren. Dermed kann du lufta so mykje du vil utan å forbruka LHM. Men pass på fylgjande:

  • Høgdereguleringen må standa i yverste stillingen.
  • Sikra slangane (slangeklemmer el.l.) slik at dei ikkje kann detta av.
  • Kasser den fyrste misfarga LHM'en som kjem ut.
  • LHM'en må gjennum eit filter fyrr han gjeng ned på behaldaren att.




Bremsepedalen                            


For å sleppa å ha nokon til å bremsa, kann du i staden setja ei fjøl flatt mot framkanten av setet, og ein pinne frå fjøli og burt på bremsepedalen. (Set pinnen millom bremsepedalen og enden av fjøli, og drag deretter pinnen burt til midten av fjøli.)



Fjøl til bremsepedal

Fjøl Merk fjøli og pinnen og legg deim på ein stad du finn deim att.




Opp

© www.leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional