Ha for vane å løysa og stramma
luftenippelane kvar gong du skiftar sumar/vinterhjul.
På den måten fær du litt LHM ut i gjengene slik at dei ikkje rustar fast.
Og hugs å setja på hetter.
Problem
Avbroten luftenippel.
Å fenga ut biten som sit att kann vera vanskeleg.
Det kann fungera å varma honom kraftigt upp, slå i ein torx-bits el.l.
og skru ut når han hev kjølna att.
Det enklaste kann vera å skifta til ein annan caliper med OK luftenippel (bak).
Framme vil det vera nok å byta halvcaliperen, dersom du hev same type.